Page 106 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2022
P. 106

  106
SOLDATNYTT
  Rekruttane kan kome til
tomme hyller og
brukte truser
Forsvaret sleit med manglande utstyr før innrykk av nye rekruttar i januar. Tillitvaldsordinga
ber Forsvaret ta ansvar.
TEKST: SUNNIVA BERGGREEN KAALAAS
G jenbruk av kroppsnære plagg som undertøy og T-skjorter. Innlevering av feltstøvlar ved dimisjon. Kledninga av Heime- vernet utsetjast til andre halvår
2022.
Det er nokre av tiltaka som vart
gjennomførte av Forsvarets logistikkor- ganisasjon (Flo), for å sikre at dei fyrste rekruttane i 2022 skulle få utstyret dei trong i januar.
Forsvarets forum har tidlegare skrive om den kritisk låge skobehaldninga på lagera til Forsvarets logistikkorganisasjon. Skomangelen er framleis høgst aktuell, men det er ikkje berre marsjstøvlar som minkar i antal. Også T-skjorter, undertøy, skytebriller og feltuniform manglar.
– Flo har avgjort at ordninga med «odel og eie-produkt» setjast ut av kraft, forklarar talsperson for Forsvaret, oberst- løytnant Vegard Norstad Finberg.
Forsvarets forum har kontakta Flo for svar i saka og blei vist til Finberg i Kom- munikasjonseininga i Forsvarsdeparte- mentet grunna ferieavvikling.
«Odel og eie-produkt» er produkt som soldatane får behalde etter tenesta. Det har typisk vore kroppsnære klede som til dømes undertøy, ull og netting, i tillegg til hovudplagg og feltstøvlar.
At ordninga no avsluttast, betyr at alt utstyr skal leverast inn når ein dimit- terast. Det einaste soldatane får behalde er tilpassa hovudplagg, altså bereten.
BLIR VASKA OG BRUKAST OM ATT SOM NAUDLØYSING
Denne ordninga er ikkje ny av året. Ifølge Finberg har innsamling av utstyr bidrege til nok materiell også i 2021. Det siste året har ordninga vore basert på frivilligheit, men no er det obligatorisk.
Såkalla «forsterka mønstring» skal gjennomførast for å sikre at så mykje klede og utstyr som mogleg leverast attende til Forsvaret etter bruk.
– Flo vil sende brukte artiklar til vas- keri. Her blir artiklane vaska og tørka. Deretter gjer vaskeriet ein kvalitetskon- troll og kastar defekte og utslitne artiklar. Resten sorterast, og nokon mindre skader kan utbetrast, seier Finberg.
Etter at blant anna truser, ullundertøy og T-skjorter er vaska og sjekka, blir dei ein «B-batch». Dersom avdelinga ikkje har nok nytt undertøy eller T-skjorter til alle, leverast dei brukte kleda ut til nye rekruttar.
IKKJE FYRSTE GONG
Men det er ikkje fyrste gongen at Forsva-
ret slit med manglar i personlige klede og utstyr (PBU). I juni 2020 mangla Flo avtale på over ein tredjedel av kleda og utstyret soldatane skal ha.
– Manglar på PBU har vore eit gjent- akande problem for Forsvaret i fleire år, seier landstillitsvald i Forsvaret, Eirik Sjøhelle Eiksund.
– For eit år sidan såg me på akkurat
 







































































   104   105   106   107   108