Page 98 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2022
P. 98

TING & TANG FRÅ FORSVARETS MUSEER Forsvarets museer er fylt med spanande gjenstandar. Her er ein av dei.
TEKST: TRUDE WESTBY, HOVEDBIBLIOTEKAR VED FORSVARETS MUSEER
  FORSVARETS ELDSTE BIBLIOTEK
Artilleriets bibliotek vart oppretta i 1779 og er Forsva- rets eldste bibliotek. Bøkene viser det høge nivået som var på artilleriets offisersutdanning. Biblioteket består av om lag 4700 bind og står i dag på Forsvarsmuseet.
Biblioteket er eit reint fagbibliotek som hovudsak- leg inneheld artillerilitteratur. Bøkene er dei yppar- ste innan fagfeltet frå siste halvdel av 1700-talet og
inneheld dei viktigaste verka frå datidas europeiske naturvitskaplege- og militærlitteratur. I dansketida tok biblioteket imot bøker mellom anna frå Det dan- ske artillerikorpset og frå 1814 fekk det eiga løyving frå statskassa. Fleire av verka er handskrivne kopiar og manuskript til forelesingar frå Kadettakademiet i København
98 FORSVARETS FORUM




























































































   96   97   98   99   100