Page 96 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 96

  96
MENIGES MENING
EIRIK SJØHELLE EIKSUND LANDSTILLITSVALGT I FORSVARET
 Er det framleis kult å seie at ein jobbar i Forsvaret?
Sidan eg kom inn i Forsvaret som vernepliktig i starten av 2020 har eg vore stolt av å vere ein del av organisasjo- nen. Ei kjensle av at eg er ein del av noko større enn meg
sjølv som i ei krise- eller krigssitua- sjon utgjer ein forskjell, har vore ein drivande faktor for meg. Samtidig har eg blitt møtt av utruleg mange dyktige menneske i Forsvaret som har inspirert meg, og fortsett å inspi- rere meg kvar einaste dag. Dette er mykje av grunnen til at
eg har valt å halde fram i Forsvaret, også etter at plikttenesta mi var over. Når venner og familie har spurt meg kva eg driv på med, har eg vore stolt av å kunne seie at eg job- bar i Forsvaret. Den siste perioden har eg vore meir nølande.
Soldatar inne til første- gongsteneste blir lært opp
i å bere flagget på skuldra
med stoltheit. Dei blir
fortalte at alt ein seier og gjer medan ein har på seg uniform ikkje berre reflekterer eins eigne haldningar og verdiar, men også heile Forsvaret som heilskap. Dette er grunnen til at sol- datar i uniform som regel stiller seg bakarst i køa på flyplassen, ikkje går på raude lys og opptrer høflig til dei ein møter. Men denne representasjo- nen og omdømme går begge vegar.
Når Forsvaret «dummar seg ut», slik som i Silje-saken frå NRK i februar, reflekterer dette dårleg tilbake på oss alle. Plutseleg er det ikkje så kult å seie til venner at ein jobbar i Forsvaret. «Åja, den staden der kvinner blir trakasserte utan
konsekvensar for gjerningsperso- nen?» «Åja, den organisasjonen der varsling blir møtt med gjengjelding og forskjellsbehandling?». All den tid det er viktig at vi som jobbar i Forsva- ret, forklarer at dette er oppførsel vi tek fullstendig avstand frå, blir det likevel opplevd som ei vond belast- ning å måtte forklare dette på vegne av Forsvaret, gang på gang.
Så kva har dette å seie for Forsva- rets operative evne? Frå dei tillits- valde sin ståstad får slike hendingar
«Åja, den staden der kvinner blir trakassert utan konsekvensar for gjerningspersonen?»
store konsekvensar. Forsvaret er avhengig av å få inn unge og mot- iverte soldatar til førstegongste- neste, som i dag fyller store delar av Forsvarets aktive beredskap. Første- gongstenesta er Forsvarets største og viktigaste rekrutteringsbrønn for vidare tilsetting i organisasjonen. Om Forsvaret mistar dei som frivillig ønskjer å gjennomføre førstegongste- nesta, er verneplikta framleis ei lov- pålagt plikt. Altså vil organisasjonen aldri hamne i ein situasjon der ingen av dei 60 000 ungdommane som er i eit årskull, gjennomfører tenesta. Likevel er det utruleg viktig å ta inn over seg kor stor del motivasjon og
trivsel spelar i den enkeltes forsvar- svilje og dermed Forsvarets operative evne. Utan motiverte soldatar som ønskjer å gjere ei teneste på vegne av nasjonen, får vi eit forsvar som ikkje vil vere i stand til å forsvare våre ver- diar, rettar og landet vårt.
Like viktig er det at Forsvaret sett fokuset på auka tillit, både i og utan- for organisasjonen. I ein skarp situa- sjon er ein avhengig av å kunne stole hundre prosent på makkeren din. Dette er folk den enkelte i verste fall
skal gå til krig saman med. Dermed er ein avhengig av gjensidig tillit til ei kvar tid. Forsvaret er også avhengig av tillit frå samfunnet elles. Utan støtte til å gjennom- føre oppdraget frå befolk- ninga vil det bli vanskeleg å få politisk gjennomslag i styrking av ressursar. Dette er gjennomslag Forsvaret er avhengig av for å kunne ivareta personellet og mate- rialet vi har, så vel som for å kunne vidareutvikle orga-
nisasjonen.
Soldatane lærer seg å representere
landet og Forsvaret all den tid ein er inne til teneste. Forsvaret må ta på største alvor det ansvaret det er å vere soldatanes ansikt i møte med resten av samfunnet. Gjennom den merksemda kultur og haldningar i Forsvaret har fått i media den siste tida, har vi momentum og mogleg- heit til å faktisk ta i eit tak og få til reell endring. Det krev handlingsvilje og haldningsendring gjennom heile organisasjonen. Eg ønskjer å på ny kjenne på stoltheit av å vere i For- svaret. Det trur eg ikkje eg er aleine om.
 












































































   94   95   96   97   98