Page 72 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 72

 REPORTASJE | SOLDATLIV
72
 VERDSMEISTER: I skapet til Anders Salvesen heng ein sportsteip der det står skrive “kommende v.mester”. Det er hans motivasjon gjennom alle prøvelsane han møter på i Gardekompaniet.
Seks månader tidlegare sat Salve- sen på kasernen på Terningmoen leir. Utan at han er klar over det, skal mannen som han skildrar som det mest perfekte mennes- ket han har sett, kome inn på
rommet hans og snu det neste året hans på hovudet.
Denne perfekte mannen var overser- sjant Fredrik Gresseth. På jakt etter nye talent spør han dei dagsferske rekruttane:
«Vil du ikkje bli verdsmeister?»
Med eit enkelt spørsmål har Gresseth starta grovselekteringa.
Tidlegare på dagen hadde det kome befal frå Huseby leir, der Hans Majestet Kongens Garde held til, med eitt mål i sik- tet: å rekruttere den neste generasjonen drillgardistar. Det blei vist både videoar og halde foredrag om kva dei kan møte i tenesta som drillgardist.
For Salvesen høyrdest det livet ut som eit ekte blodslit, og han trudde at han aldri
ville trivast i ei slik teneste.
Men verdsmeisterspørsmålet til Gres-
seth pirra noko i han. Og same dagen skriv han seg opp på lista til intervju i drilltroppen.
Kva var det verste som kunne skje, tenkte han.
– At eg blir kasta ut og send tilbake til Terningmoen?
UTVELJINGA
Pågangsmot og nok viljestyrke til å leggje ned det omfattande arbeidet som krevst i stillinga, er dei to kjerneeigenskapane Gresseth og kollegaene hans ser etter. Det handlar ikkje berre om at dei må vere fysisk sterke nok i overkroppen til å halde eit M1 Garand-gevær over lang tid. Men også at kandidatane er motiverte for å jobbe hardt. Gresseth freistar å finne dei med gode samarbeidsevner og gjennom- føringsevne. Tenåringane må gjennom intervju og daglege vurderingar.
Prosessane for å bli ein del av musikk- og drilltroppane er relativt ulike. Men i motsetnad til drilltroppen der det ikkje krevst forkunnskapar, må alle som blir utvalde i musikktroppen, ha musikal- ske evner. Musikantane må prøvespele i tillegg til å gjennomgå intervju. Under prøvespelet spelar dei fleire innøvde stykke for dirigentane som deretter gjer si vurdering.
Kvifor legg de ned så mykje energi i ei avdeling som musikk- og drilltroppen?
– Kompaniet er ikkje ein operativ kapasitet som ein kan vise til, men ein skapar forsvarsevne gjennom forsvarsvilje i folket, noko som igjen gir operativ kapa- sitet i form av at regjeringa løyver meir ressursar til materiell, seier Gresseth.
Kvart år trenar befalet opp rekruttar som kjem rett frå vidaregåande til å bli verdsleiande innan militær eksersis og slutta orden (SLO). Slutta orden handlar om at ein heil tropp skal gjere same rørsle














































































   70   71   72   73   74