Page 80 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 80

 REPORTASJE | SOLDATLIV
80
 «Kva er det som held deg gåande når du allereie har øvd i 5 timar og veit at det er fleire timar igjen?»
Vidare følgjer oppdrag i sommarvar- men på Balkan før dei drar vidare til Basel Tattoo i Sveits. For til slutt å vende heim- over for ein eigen landsturné i Trøndelag.
Signalkorpset er dei aller travlaste musikarane i troppen. Korpset, som består av signaltrommer, fanfare- og signalhorn, har eit hektisk program. Allereie to veker etter innrykk vert kalenderen til Arnegård og resten av korpset fylt opp av oppdrag. Dei er med på alt frå konsertane til Garden til seremoniar under VM i skiskyting, og dei spelar fanfarar på slottet.
GIR SEG PÅ TOPP
Nedst i kjellaren i Huseby leir øver musikkgardistane. Gangane vert fylte av lyden av samstemte trompetar. Arnegård og dei andre trompetistane i signalkorp- set er i full gang med treninga og instrue- ring av nye øvingar. Det er berre drygt ein månad igjen til dimisjon, men øvinga går framleis for fullt.
Kva er det som held deg gåande når du allereie har øvd i 5 timar og veit at det er fleire timar igjen?
– Det er litt krevjande, men du finn motivasjon i dei andre. Vi motiverer kva- randre og er gode makkerar for å halde det gåande. Og å tenkje på at ein stadig vil bli betre fordi vi framleis skal bli verds- meistrar.
Det står framleis att eit stort oppdrag. Dei har spara det beste til slutt.
I september er det er tid for Norsk militær tattoo (NMT), det aller største inn- andørs arrangementet i Noreg. Gardetrop- pen er på heimebane, og framføre 1000 andre deltakarar og 20.000 i publikum- marar blir dette årets høgdepunkt og siste framsyninga for tredje gardekompani. Om dei når målet om å bli verdsmeister, er uvisst, men ikkje uoppnåeleg. For årets kompani er ifølgje oversersjanten sjølv veldig gode.
 























































































   78   79   80   81   82