Page 9 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 9

                                  LEDER
 Innsynsretten er ein av grunnsteinane i demokratiet, men vi ser o!e at Forsva- ret held attende oentlege dokument. Eit ferskt eksempel er frå då Artilleriba- taljonen slakta tre lam i felt, og Hærens våpenskole meinte at fylgjande opplys- ning kunne skade nasjonens interesser om ho vart kjend for uvedkommande:
“Det ble kokt en suppe, hvor grønnsa- ker og salt ble tilsatt i gryta sammen med kjøttstykkene (...)”.
Vi måtte gjennom #eire klagerun- dar før vi fekk lese ein sladda versjon av veterinærens sin rapport frå seansen.
Saka er ikkje viktig, men den illus- trerer det landskapet journalistar må navigere i. Kva anna er det vi ikkje får vite, om Forsvaret anstrenger seg slik forikkjeågiuteitbrevomattrelam er slakta?
Det er mykje i Forsvaret som ikkje skal delast opent, men dagens over- drivne aktsemd svekkjer tillita til at makta til å gje innsyn vert forvalta på ein ansvarleg måte.
Innsynsretten skal sikre at borga- rane i demokratiet får god informasjon om saker som behandlast og avgjerast av styresmakta og forvaltninga. Det bidreg til meir openheit, at avgjerder fattast i tråd med regelverket og det kan hindre forskjellsbehandling. Kor- rupsjon, kritikkverdige forhold og sys- temmanglar kan avdekkast gjennom
innsyn. Det er spesielt viktig i Forsva- ret, som forvaltar så stor makt i form av valdsmonopol, eit tungt hierarkisk styre og enorme summar frå oentlege budsjett.
Når forvaltningsorganane trår feil skyldast det mange gonger at saksbe- handlarane ikkje er medvitne regelver- ket, er erfaringa til Sivilombodet. Det skjer lettare når vurderinga startar med om det $nst ein heimel for å unnta, enn med utgangspunkt om oentlegheit og deretter ein vurdering om det faktisk er behov for å unnta.
Innstillinga om å unnta dokumen- ter i så stor grad som mogleg opplever vi o!e, og her er to av måtane det gje- rast på:
Oentleg journal, som er Forsvarets “postkasse” for inngåande og utgåande dokument, er ei liste over brev som journalistar og andre kan be om inn- syn i. På landingssida til den oentlege journalen til Forsvaret står det “Nokre dokument er ikkje oentlege som føl- gje av kapittel 3 i oentleglova”. Kapit- telet i lova listar opp tilfelle kor det kan gjerast unntak frå innsynsretten. I mot- setning til det Forsvaret tilsynelatende trur, gjeld eit fåtall av desse tilfella heile dokument. Dei #este unntaka i lova som er relevante for Forsvaret gjeld berre opplysningar. Enkeltopplysnin- gar kan saksbehandlarane med lova i
hand sladde, men dokumenta har ein som søker innsyn rett til å få utlevert. I #eire saker der vi søker innsyn etter
å ha sjekka at dokumentet ligg katego- risert som ugradert, får vi avslag med grunngjeving at det er gradert. Då vel altså Forsvaret å gradere etter at jour- nalistar har bedt om saka. O!e gjerast dette med heimler om nasjonal sik- kerheit som det er tilnærma umogleg å argumentere imot. Dette er dei same heimlane som Hærens våpenskole benytta for å halde dokumentet om dei tre lamma unna oentlegheita.
Det er ikkje berre allmennheita og journalistar som kjem skadelidande ut av Forsvarets graderingsregime. For kva for ei situasjon sett Forsvaret sine egne tilsette i når så mykje graderast?
For dei 45 soldatane som deltok på lammeslaktinga ville det å fortelje mor kva dei spiste til lunsj den dagen inne- bere å lekke gradert informasjon, skal ein tru saksbehandlarane ved Hærens våpenskole.
I kronikken i dette magasinet skriv Patrick Radden Keefe at “når alt er hemmeleg, er ingenting hemmeleg” og at nasjonal sikkerheit o!e er en unnskyldning for tilfeldig sikkerhets- gradering. For oss som får avslag på lammesuppe-oppskri!a til Artilleri- bataljonen verkar det kjend.
   J Ø
I L
R
K
M
E
T
 M E
2041 0652 Trykksak










































































   7   8   9   10   11