Page 101 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2021
P. 101

MORGONDRILLEN
JENNIE-LOVISE NORDHEIM BJERKE (29)
Tidlegare HV-soldat som står bak instagram-kontoen Jenter i Forsvaret
 I spalta «Morgondrillen» stiller Forsvarets forum dei same spørsmåla på e-post til ei rekkje personar som har ei eller anna tilknyting til Forsvaret. Har du tips til personar som bør være med i spalta? Send oss ein e-post på tips@fofo.no.
Lapskaus med kongen
Instagram-profilen Jennie-Lovise Nordheim Bjerke har hengd
frå seg HV-uniforma, men driv framleis Jenter i Forsvaret.
– Når og kanskje viktigast: Korleis står du opp om morgonen?
– Med hovudet først og beina etter som regel, alltid dårleg tid! Eg har på første ringje- klokke 07.00, men kjem meg som regel ikkje ut av senga før 07.30! Eg er ein «slumreek- spert» som heller har dårleg tid enn å sitte med kaffikoppen og lese nyheiter!
– Kva er det første du gjer?
– Å gå frå skap til skap for å finne ut av kva eg skal ha på meg! Nokre gongar skulle eg ønske eg hadde uniform på jobb. Å finne klede tek nokre gongar litt tid, som gjer at det blir lite tid til mat og kaffi. I og med at eg jobbar i ein motebutikk på nett så kan ein ikkje gå i joggebuksa kvar dag. Skulle gjerne klart å leggje fram klede kvelden før, men då har eg alltid anna å gjere som er meir spenn- ande.
– Når startar arbeidet?
– 08.30 sitt eg klar ved datamaskinen på jobb med iskaffe eller energidrikk i handa. Arbeidsplassen er cirka 15 minutt heimanfrå.
– Pumpe jern eller springe maraton?
– Heilt klart pumpe jern! Eg har trena styrkje sidan eg var 14–15 år og elskar å sette meg spesifikke mål med treninga. Å meistre nye ting og føle seg sterk og ikkje minst så er det utruleg viktig for helsa og ryggen no som eg sitt på kontor heile arbeidsdagen. Eg er ikkje nokon O2-snappar, men tek meg gjerne ein liten joggetur om sola skinn.
– Beste triks for velferd på øving?
– Ser alltid over pakkelista fleire gongar før eg dreg så eg er sikker på at eg har med meg alt. Det gjeld og mi sivile pakkeliste som er litt snacks, energidrikk, powerbank og ekstra tampongar. I tillegg: positiv energi! Eg trur ikkje eg er åleine når eg seier at det ikkje hjelper å klage eller spreie negativ energi, for
MEDALJE: Jennie-Lovise Nordheim Bjerke fekk i år Forsvarsmedaljen for sitt engasjement for rekruttering og mot trakassering. FOTO: FORSVARET
 det vil smitte over på andre som igjen trekker ein sjølv lenger ned! God energi og eit smil på lur skaper god stemning.
– Raraste kulturkrasjoppleving på øving med styrkar frå andre land?
– Eg har aldri opplevd noko kulturkrasj som eg kjem på!
– Kven ville du aller helst delt ein pose FR (feltrasjon) med og kvifor?
– Kongen! Det hadde vore stas å dele ein lapskaus-FR, og slå av ein prat med han om livet generelt, og kanskje han kunne bidra
med nokre nye FR-smakar til Forsvaret? Eg har alltid sett veldig opp til kong Harald og synest han er ein bra mann. Om eg ser kon- gen græt på tv, så græt eg med han!
– Smartklokke – yay or nay?
– Nay! Eg er sjølvsagt veldig fan av ei god smartklokke, men ho blir brukt lite i kvar- dagen min. Har brukt det litt i treningssa-
manheng om eg trenar mot eit spesielt mål. Men sjeldan elles. Prøver å unngå å ha alle desse varsla frå mobilen på armen som trek- kjer fokuset vekk frå det som skjer i augne- blinken På jobb blir det heller penklokka, og på trening trenar eg etter kjensla i kroppen.
– Kva er den største utfordringa akkurat nå for arbeidsplassen din konkret og for For- svaret generelt?
– På arbeidsplassen min innanfor netthandel og mote er vi svært lite påverka av dagens situasjon i verda. Den største utfordringa
for Forsvaret i dag er den kalde krigen med omsyn til forholdet mellom Noreg og Russ- land. Kort fortalt der vi er ein del av Nato
der Nato-øvingar blir utført i nærleiken av dei russisk-norske grensene i Barentshavet, der Russland ser på den vestlege militære aktiviteten i nordområda som truande mot den regionale tryggleiken. Og ikkje minst den globale situasjonen med mykje terror og uvisse som går føre seg rundt i verda.
FORSVARETS FORUM 101
 


































































   99   100   101   102   103