Page 108 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2021
P. 108
108
MENIGES MENING
EIRIK SJØHELLE EIKSUND Landstillitsvalgt i Tillitsvalgtordningen i Forsvaret
Brotne forventningar
Det ein ikkje veit, har ein faktisk vondt av.
Da eg blei kalla inn til førstegongsteneste, vis- ste eg lite om kva som møtte meg. Eg visste at Porsanger var noko kaldare enn Sunnmøre, at eg skulle lære å handtere skytevåpen, og at eg kom til å få utfordra meg sjølv på heilt nye måtar – både fysisk og psykisk. Mange av forventningane mine blei oppfylt, og særleg i rekruttperioden fekk eg kjenne på korleis det verkeleg var å vere soldat.
Etter to månadar med terping og omstil- ling blei eg satt i ei avdeling der den militære kvardagen eg hadde vendt meg til, blei svært annleis. Lange dagar i skogen blei bytta ut med lange dagar på kontoret, og den «operative» kvardagen eg hadde gleda meg til, kunne eg sjå langt etter. Eg var heldig som stortrivst i mi stilling til tross for at det var noko heilt anna enn det eg hadde sett for meg. Likevel braut dette fullstendig med dei forventningane eg hadde til førstegongstenesta.
Ikkje alle trivst like godt med denne over- gangen. For nokre kan det å ikkje hamne i ei stilling med lett forståelig operativ betyding opplevast som eit nederlag, og ein kan sitte igjen med ei kjensle av at ein ikkje er ein god nok soldat. Alle tenestestillingar er av stor bety- ding for beredskapen til Forsvaret, og i ei even- tuell krise eller krig har alle soldatar viktige oppgåver som må gjennomførast. Likevel kan skuffelsen over å få tildelt ei mindre operativ stilling når du i utgangspunktet er innstilt på noko heilt anna, fortsatt oppstå. Denne skuf- felsen trur eg kan førebyggast dersom soldaten på førehand veit meir om alt det forskjellige Forsvaret har å by på.
Mine forventningar til førstegongstenesta var nok som mange andre forma av flotte rekla- mevideoar om «Fantastiske ingenting» med F-35, SIBO og patruljesoldatar i teig. Eit glans- bilete på korleis det er å vere soldat i Forsvaret. Dette er berre ein brøkdel av det Forsvaret og førstegongstenesta har å by på, noko eg føler ikkje blir godt nok kommunisert. Eg saknar ei meir realistisk marknadsføring som tydlegare kommuniserer mangfaldet Forsvaret har av stillingar og moglegheiter.
«Eg saknar ei meir realistisk marknadsføring som tydlegare kommuniserer mangfaldet Forsvaret har av stillingar og moglegheiter»
ANNONSE
FORSVARETS FORUM
Vil du bli flyger – på fly eller helikopter ?
Hillsboro Aero Academy er en av USA’s største kombinerte fly- og helikopterskoler.
Helikopterdelen ble godkjent som europeisk EASA skole i 2020. Flydelen forventes å bli en godkjent EASA flyskole i løpet av 2021.
Hillsboro har lang tradisjon i å
utdanne norske elever til både helikopterflygere og trafikkflygere.
Skolen er en av meget få luftfartsskoler i USA som er godkjent for utstedelse av F-1 visa. F-1 visa gir elevene bl a rett til å oppholde seg i USA i inntil 23,5 måneder etter ferdig utdanning. Man kan da jobbe som flyger hvor som helst i USA. Mange blir ansatt som instruktører ved Hillsboro og kan vende hjem med +/- 1 500 flytimer.
Å ha godt med flytimer er som oftest en forutsetning for å få jobb som flyger i et flyselskap eller et helikopterselskap enten man er utdannet i Norge eller i USA.
Representant i Norge : SCANDINAVIAN Pilots E-mail : seglend@online.no Tlf mobil : 47 30 28 25
www.ScandinavianPilots.com