Page 113 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2021
P. 113

 VIKTIG: – Vold og terror er trugslar som samfunnet må teke på alvor, seier Forsvarets sjefssersjant Rune Wenneberg.
Han forklarar at samarbeidet med politi, sivilt helsevesen og Forsvaret er godt men må trenast for å bli enda betre.
TO MAGASIN
I det kommunale bygget i Drammen står ein handfull soldatar i trappa. På signal rykkjer dei opp. Nå er Heier sjanselaus. Dei to magasina han har med seg, er ingen motstand for dei røynde solda- tane. Spelet er over: Meinig Vemund
blir sett ut or kraft av røynde soldatar. Men øvinga held fram for dei andre del- takarane. Skadde blir først handsama på staden før dei seinare vert flytta til Drammen sjukehus for vidare behand- ling.
– MORO OG LÆRERIKT
Vemund er vernepliktig i femte garde- kompani på Huseby leir.
Å kunne spele ei sentral rolle i ei stor øving var ei kul oppleving, tykkjer han.
– Det var utruleg lærerikt å sjå korleis soldatane handsama situasjonen. Om eg freista å sjå ned, vart eg beinveges skoten på. Dei var veldig dyktige.
På øvinga var over 500 personar frå Forsvaret, politiet og sivilt helsevesen med.
– Eg tykkjer det er gøy med litt action, så eg hadde lyst til å vere markør. Samti- dig har eg aldri gjort noko liknande og var litt nervøs om eg gjorde det rett. Men eg synest det gjekk fint, seier han.
FORSVARETS FORUM
113
 





















































































   111   112   113   114   115