Page 46 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2021
P. 46

 46
 ROBOT-
HUNDEN
Soldatens beste ven kan fort vere Freke.
TEKST: SVEIN ARSTAD FOTO: KRISTER SØRBØ
Hunden Odin helsar på den pelslause roboten Freke. Odin verkar skeptisk.
– Stort sett reagerer hundar enten ved å vere redde eller sinte, seier forskar og «robotoperatør» Tønnes Nygaard frå Forsvarets forskingsinstitutt.
– Freke har ikkje pels og dessutan er lukta og lydane heilt feil.
Litt tidlegare: I eit øvingsfelt på Rena køyrer ein liten kolonne. Han består av ei feltvogn med soldatar og eit ubemanna beltekøyretøy. Like før dei kjem til ei lita byg- ning stoppar kolonna. Beltekøyretøyet køyrer nærare, før han slepp ned ei lita rampe.
På lasteplanet ligg robothunden Freke. Han bevegar seg bort til bygningen, dyttar inn døra og går inn. Nokre sekund seinare kjem robothunden ut igjen og klatrar om bord i beltekøyretøyet, før kolonnen fortset.
– Når soldatane kjem til eit område dei er usikre på, kan dei sende inn Freke for å finne ut meir om kva som er der, fortel Tønnes Nygaard.
Han er forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt. Vin- teren 2020 kjøpte dei ein firbeint robot frå Boston Dyna- mics. Målet er at han skal gi soldatar viktig informasjon om omgivnadene og kor det finst potensielle truslar.
– Vi ser på den først og fremst som ein sensorberar. Fordelen med ein robothund er at han kan bevege seg inn i hus, opp trapper og andre steder kor dronar og bel- tevogner ikkje kjem til, seier Nygaard.
Neste år planlegg FFI fleire testar for å sjå korleis Freke kan operere saman med soldatar og køyretøy.
 AKTUELT | TEKNOLOGI




















































































   44   45   46   47   48