Page 5 - Forsvarets forum 2-2016
P. 5
fotoikonar
Berømte krigsbilete og deira opphav
FOTO: DAVID SCHERMAN, TIME/LIFE, GETTY IMAGES
Fotografen:
David Scherman.
1916–1997
Scherman blei fødd i New York og fekk jobb i
tidsskriftet Life som ein av de første fotografane
i 1938. Han følgde frammarsjen til dei amerikan-
ske styrkane i Europa etter D-dagen og fram til
tyskarane kapitulerte. Ein stor del av denne tida
arbeidde han saman med Lee
Miller (biletet) som også blei
kjærasten hans. Etter krigen
blei Scherman ein av redak-
tørane i Life og var ansvarleg
for ei rekkje av bokutgivin-
gane med bilete og reporta-
sjar frå magasinet.
Biletet:
Lee Miller (1907–1977) var ein legendarisk fotograf med Miller sleit med posttraumatisk liding resten av leveåra
bakgrunn som modell frå 1920-talet i USA. Ho fekk ein sine. Meir om Lee Millers fascinerande liv og karriere på:
karriere som fotograf etter å ha samarbeidd med den www.leemiller.co.uk
kjende surrealisten Man Ray i Paris på 1930-talet. Under
2. verdskrigen fotograferte og skreiv ho om amerikansk I 1941 var Scherman passasjer på ein sivil båt på veg frå
innsats i Europa for bladet Vogue. Egypt til Sør-Afrika. Undervegs blei båten skoten i senk
Etter å ha fotografert frigjeringa av fangeleiren Dachau av eit tysk handelsskip som i røynda var eit krigsskip
saman med Scherman reiste dei til München. Her over- som torpederte allierte fartøy. Scherman tok bilete
natta dei i leilegheita til Hitler natta til 1. mai 1945 da under aksjonen til tyskarane, overlevde og var fange i
nyheita om Hitlers sjølvmord blei kjend. tre veker. Da han og andre passasjerar vart lauslatne,
Da biletet av Miller i badekaret blei publisert, reagerte hadde han filmrullane intakt, gøymde i tannpastatubar.
mange negativt, men sjølv repliserte ho at badet berre var Bileta blei publiserte i Life, og britiske marinefartøy
for å vaske av seg lukta av Dachau. brukte bileta til å kjenne att og deretter søkkje det
I München fekk dei omvising i byen ved å mute ein eldre «sivile» fartøyet.
bebuar med ein kartong sigarettar. Slik fann dei også
bustaden til Eva Braun og budde der i fire dagar inntil dei ARNE FLAATEN af@fofo.no
amerikanske styrkane frå 45. divisjon okkuperte staden. Kilder: Time/Life, NY Times, the Guardian.
APRIL 2016 5