Page 74 - Forsvarets forum 2-2017
P. 74
Stockholm og
Beijing med igjen
Når oberst Øystein Limoseth tiltrer i august, har
Noreg igjen eigen forsvarsattaché i Sverige.
Håkon Magnus Løken, Magne Rødahl, Øystein Limoseth og Geir Hagnes.
Stillinga blei lagd ned for nokre år sidan fordi ein skulle klare seg
med stabsoffiserar hos kvarandre, men nå har departementet
kome til at det er behov for eit formalisert militært samarbeid på
annonser attachénivå.
– Med dei meir normaliserte sambanda med Kina blir også stil-
linga som forsvarsattaché i Beijing utlyst om nokre veker. Denne
har stått ledig sidan august i fjor, fortel oberst Esben Aass ved sek-
sjon for internasjonal tryggleik og forsvarssamarbeid i FD.
Ein attaché sit normalt tre til fire år i stillinga, og det har vore
god søkning til dei aller fleste stillingane som har vore lyste ut. Dei
uniform insignias
som startar i jobben i august, skal like over påske på attachékurs.
Og dette er dei som tiltrer i sommar:
Brigader Magne Rødahl (56) blir ny assisterande
forsvarsattaché i Washington.
Håkon Magnus Løken (53) er utnemnd til
oberst og blir ny forsvarsattaché i Warszawa.
Oberstløytnant Geir Hagnes (53) blir
forsvarsattaché i New Delhi.
Oberst Øystein Limoseth (50) blir
forsvarsattaché i Stockholm.