Page 98 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2021
P. 98

                                  TING & TANG 􏰊􏰉􏰈 􏰊􏰆􏰉􏰅􏰄􏰈􏰉􏰃􏰂􏰅 􏰁􏰀􏰅􏰃􏰃􏰉 Forsvarets museer bugner av spennende gjenstander. Her er én av dem.
MANN FOR SIN HATT
TEKST: INGRID MARIA LUTNÆS HISTORIKER VED FORSVARSMUSEET
  Sekondløytnant Thor O. Hannevig nekta å godta ordren frå regiments- sjefen om overgjeving. «Helten fra Vinjesvingen» ble med det eit sym- bol på motstandsvilje.
9. april 1940 var Thor O. Hannevig (1891–1975) mobiliseringspliktig sekondløytnant ved Telemark infanteriregiment nr. 3. Han nekta å godta ordren frå regimentssjefen om over- gjeving. Hannevig fekk med seg materiell og mannskap og heldt fram med kampen. På det meste var det rundt 300 soldatar i den frivillige styrken som i mange døger heldt stand ved Vinjesvingen. Hannevig blei med det eit motstandssymbol.
Kampane i Sør-Noreg under andre verds- krigen kan delast i to. Hovudfronten blei etablert på det sentrale Austlandet under general Ruge. Fleire stader i Sør-Noreg ope- rerte avdelingar utan sentral leiing og utan å vere ein del av forsvarsplanen: i Østfold, Rogaland, på Sørlandet, ved Kongsberg og Vinjesvingen og på Hegra. Avdelingane var avskorne frå hovudfronten, eller dei bestod av frivillige som nekta å overgje seg.
Etter at ein regimentssjef på Heistad- moen overgav seg utan kamp 13. april, blei det organisert frivillige avdelingar ved Rju- kan og Vinjesvingen. Ved Vinjesvingen heldt avdelinga stand til 8. mai. Dette hadde ingen innverknad på felttoget, men blei i likskap med Hegra eit symbol på motstandsvilje.
Den norske spelefilmen «Secondløitnanten», produsert i 1993, er laust basert på Hannevigs motstand i april
og mai 1940 og gjev eit bilete av dei kaotiske kampane som gjekk føre seg.
           Her ser vi ein kepi - modell 1934 som har tilhøyrt sekondløytnant Thor O. Hannevig, populært kalla «Helten frå Vinjesvingen». I 1940 var Hannevig ein 49 år gamal sjøkaptein. Han hadde befalsutdanning frå eit åtte månaders frivillig befalskurs på Terningmoen i 1915.
FOTO: FORSVARETS MUSEUM
  98 FORSVARETS FORUM























































































   96   97   98   99   100