Page 16 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 16

 DET STORE BILETE
FOTO: KRISTER SØRBØ
På skytebana står fleire stridsvogner
på rad med løpa peikande mot målet i horisonten. Kvart skot sender ei eldsøyle ut av munningen. Ein mindre flamme blir synleg der prosjektilet slår ned i det fjerne. I skogen utanfor den polske byen Swietoszow får ei gruppe ukrainarar skytetrening på Leopard 2. Troppssjef Vadim har berre lovord om stridsvognene. – Dei er veldig raske, lette å køyre, og kanonen er perfekt, seier han til Forsvarets forum.
 16 FORSVARETS FORUM






























































































   14   15   16   17   18