Page 64 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 64

 PÅ BESØK | STRIDSTRENBATALJONEN
64
  BUDD PÅ KRIG: Soldatane frå stridtrend under ein mindre hektisk del av vinterøvinga. Frå venstre: Daniel Willumsen, Tuva Ødegård Pettersen, Johan Cappelen-Dahl, Odd Bjørnar Jekthammer Haugen, Amund Midtlie og Viljar Bakken Rutle.
Det er ein blodig krig rundt på alle kantar. Ein fiendtleg styrke frå aust tok seg for nokre veker sidan over grensa til Noreg og inn i Finnmark. No har dei tatt landområder langt ned i Troms.
Først klarte fienden å rykke fram heilt forbi Bardufoss, forsvarsbygda med sine viktige militære anlegg og flyplass. Inva- sjonsmakta kunne med det kontrollere viktige delar av nordområda.
VENTAR PÅ ALLIERT HJELP
Den norske hæren, med Brigade nord i spissen, slo så tilbake. Fienden vart pressa nordover, og frontlinja står denne klare og friske vinterføremiddagen i Nord- kjosbotn, også kalt Nord-Noregs største vegkryss, der E6 går nordaust mot Alta og Kirkenes og E8 nordover til Tromsø. Her, i dette vegkrysset, skal fienden «låsast» heilt til Noreg får alliert hjelp frå Nato-partnarar. Etter at det skjer, skal så fienden pressast tilbake gjennom Finn- mark og over grensa i aust.
Og midt i denne krigen har eit fatalt slag akkurat funne stad. Dei norske logis- tikksoldatane i Stridstrenbataljonen vart i går utsette for eit dødeleg angrep i dei bakre rekkjer, mange mil unna frontlinja. Først tok eit missilangrep ut vaktstyr- kane. Deretter vart spesialstyrker flydd inn for å ta ut kommandosenteret til soldatane som skal forsyne fronten med mat, medisin, bensin og vatn. Berre på ein liten bakketopp nokre hundre meter sør for Setermoen leir, der kompani fire har slått seg ned, mista avdelinga 18 av 21 mann. Brigade nord mista eit viktig lager midt i dei avgjerande kampane om å presse invasjonsmakta ut av landet og endre utfallet av krigen.
GANSKE LIKT SOM UKRAINA-KRIGEN
Scenarioet for årets vinterøving Joint Viking, der 20.000 norske og allierte sol- datar tok del, synest å vere ganske likt ein annan, og høgst ekte, væpna konflikt i Europa – Russlands invasjon i Ukraina.
«Det siste året har sikkerhetssituasjo-
nen i Europa forverret seg kraftig med krigen i Ukraina», heiter det i Forsvarets omtale av Joint Viking:
«Situasjonen viser for alvor hvor viktig god beredskap og godt trente militærstyr- ker er – særlig for et landstrakt og strate- gisk plassert land som Norge.»
I ein container ved hovudkvarteret slappar soldatane i kompani fire av med eit rikt utval av feltrasjonar: torsk, pasta, torsk i pasta, lapskaus og chili con carne. Snart er vinterøvinga over. Soldatane har i eit par veker fått ein smak av korleis krig kan sjå ut. I går blei dei fleste her «likvi- dert». Forsyningane til fronten stoppa opp.
– Dette liknar jo veldig på korleis kri- gen i Ukraina ser ut?
– Jo. Eg synest det er bra at dei faktisk forsøker å lage eit scenario som er så likt det som føregår i Ukraina, seier lagførar Tuva Ingebrigtsen.
DEI RUSSISKE FORSYNINGSPROBLEMA
Då Russland gjekk til fullskala invasjon
  
















































































   62   63   64   65   66