Page 65 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 65

 FRAKT HEIMATT: Joint Viking er over. Utstyr skal fraktast tilbake i leir. Stridtrendbatal- jonen har 500 soldatar og befal og er spesialistar på nettopp logistikk i krig.
 av Ukraina natt til 24. februar 2022, vart manglane i den russiske logistikken vist fram for ei heil verd. Satelittbilete av kilo- meterlange militærkolonner som stod bom fast, viste tydeleg kvifor fungerande forsyningslinjer er heilt avgjerande i ein krigssituasjon.
Russland skulle ta Kyiv på få dagar, men materiell kom aldri fram. Det rus- siske felttoget mot den ukrainske hovud- staden var i realiteten over kort tid etter det starta.
Stridstrensoldatane som tenestegjer i Brigade nord, er tydeleg på at Ukraina-kri- gen har ført til eit linjeskifte i korleis det bakre logistikkleddet, dei soldatane som sjeldan blir lagt merke til, blir oppfatta elles i Forsvaret:
– Sjølv om det er soldatane lengst framme ved fronten som er mest syn- lege, er logistikkleddet også ei svært vik- tig brikke i krigen. Vi som står bak, har også ein stor verdi, seier meinig Amund Midtlie.
– STOLT AV Å JOBBE HER
Sjølv om det var avtalt spel at avdelinga skulle påførast eit svært skadeleg angrep (blant soldatane i stridstren vert det vitsa om at dei britiske spesialstyrkane som utførte angrepet, måtte få éin seier før dei skulle heim), vart forsyningane til dei norske styrkane lenger fram ramma i mange timar. Mykje av logistikken vart sett ut av spel.
– Dei andre avdelingane får kjent på korleis det er å stå utan oss. For det er jo det som skjer i Ukraina – der logistikke- lementa vert tatt ut, seier Ingebrigtsen.
– Vi trenar jo på dette, fordi det kan skje ein dag. Det handlar om å gjere krig mindre skummelt. Slik at dette ikkje skal vere så fjernt som det er for dei som ikkje er i Forsvaret til vanleg, seier meinig Viljar Bakken Rutle.
– Vi får ikkje mykje merksemd når vi gjer jobben vår godt. Men vi høyrer det fort om det motsette er tilfelle, seier Johan Cappelen-Dahl.
Daniel Willumsen er troppsjef og løyt-
LANDSKJEND
OVER NATTA
Over natta vart Stridstrenbataljonen Noregs mest kjende militæravdeling. Varslingssaken som kom fram i media i vinter,
har prega tenestetida dei siste månadane. Les mer om dette på forsvaretsforum.no.
 FORSVARETS FORUM 65



















































































   63   64   65   66   67