Page 68 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 68

 PÅ BESØK | STRIDSTRENBATALJONEN
68
    EIN SKRUE LAUS: Marius Thomassen og Dan Kindblom (øverst til venstre) inspiserer eit drivstofflak som må reparerast. På skule- verkstaden i Rusta leir blir det meste som har motor og hjul (eller belter) skrudd på og fiksa. Dan Kindblom er «fødd og vaksen opp» i verkstadshallen. Han er ein viktig mentor for unge mekanikarar som ønskjer å gjere karriere i Forsvaret.
nant. For han har respekten for stridstren- soldatane auka etter 24. februar 2022. Han brukar mykje tid på å få tilsette og verne- pliktige til å forstå kva avgjerande rolle logistikkavdelingane har i Forsvaret.
– Eg er særs stolt over å jobbe her. Og eg meiner vi har ein svært viktig jobb. Spe- sielt no etter invasjonen i Ukraina føler eg det er lagt meir vekt på verdien av god logistikk i krig.
– Angrepet i går er jo eit resultat av det. Fienden vart pressa så hardt at dei valde å ramme oss der det smertar for heile briga- den, seier Willumsen.
– REALISMEN ER NÆR
Nina-Sofie Berg er bataljonssjef og byr på kaffi i hovudkvarteret der kompanisjef Andreas Lysén Molund held fortet. Ei av dei viktige oppgåvene med ei øving som Joint Viking er å få testa ut både einskild- soldatar og deira ferdigheiter, men også korleis bataljonen sine fire kompani (det femte held til på Rena) kan støtte resten av brigaden.
Under øvinga trenar soldatane på å sette opp logistikk fleire stader – nær fronten, lenger unna. Skal ein priori- tere nærleik til fronten og dermed kjapt kunne forsyne dei fremste posisjonane, sjølv om ein då er lettere å ramme for motstandaren? Eller skal ein trekke seg nokre mil lenger bak med dei ulempene det medfører? Korleis sprer ein materiell i terrenget for å kome betre ut av det om fienden angrip?
Berg er tydeleg på at krigen i Ukraina utgjer ein annan dimensjon til det å trene på krig, sjølv i fredelege Noreg.
– Realismen i det vi held på med, blir med eitt veldig nær, seier Berg.
Etter det svært øydeleggande angre- pet dagen i førevegen, der kompani fire mista 18 soldatar, måtte brigaden gjere det som på fagspråket kallast «battle damage assessment», eller vurdering av skade- virkningane av angrepet. Kor mange døde er det, kor store er dei materielle skadane? Kva vil det ha å seie for sjansen resten av brigaden har til å slå hardare tilbake mot
den fiendtlege styrken frå aust?
– Vi kjem ned hit og finn eit område som er fullstendig øydelagt, der folk du kjenner er drepne, og materiell står i flam- mer. Så må vi sjå på kva dette betyr for den vidare støtta av bataljonen. Ser ein på kva som føregår i Ukraina-krigen no, så er dette eit veldig autentisk øvingsscenario,
seier Berg.
FLEIRE ØVINGAR, FÅ FOLK
Korporalane Marius Thomassen og Carl Henrik Carlsen og vernepliktig Ludvig Stendal er kjapt innom verkstadhallen på slutten av ein lang arbeidsdag. Alle er mekanikarar og spesialistar på å skru på Forsvarets aggregat, tankflak (også kalla drivstoffdepot), lastebilar og snøskutarar.
Thomassen har jobba med logistikk og vedlikehald i Forsvaret i seks år. Han legg fort merke til om det er «svakheit i systemet» som tar tid å få utbetra.
– På begge sider i Ukraina ser ein mel- lom anna mangel på ammunisjon. Om du ikkje har dette med deg, hjelper det lite
















































































   66   67   68   69   70