Page 70 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 70

 PÅ BESØK | STRIDSTRENBATALJONEN
kor fort fram ein rykker, seier Thomassen. Forsvarsbudsjetta har auka. Mykje av dei ekstra midlane går til å betale for fleire feltøvingar. Men når ein snakkar om logis- tikk, er det mykje som skal skje både før og etter sjølve øvinga. Og når øvingane kjem tettare enn tidlegare, blir det meir arbeid på personar som Thomassen, Carl-
sen og Stendal.
– Vi skulle helst hatt fleire tilsette her,
seier finnmarkingen Thomassen. Carlsen har arbeidd 12 år i Forsvaret. Han starta som administrativt tilsett, men tok fagbrev og vart mekaniker etter
læretida.
Lenge var det livet i grønt som var
sjølve livet. Men eit nytt tilskot til fami- lien gjer at lange veker i felt ikkje lenger er førsteprioritet.
– Eg er ganske nybakt far. Eg skulle gjerne bidrege meir i det som skjer på heimebane.
– Så dette er eit dilemma?
– Ja, det er jo det. Familie og øvingar går ikkje alltid opp, seier Carlsen.
– Er de uroa for freden i verda?
– Ein er kanskje meir medviten på at ting kan endre seg kjapt. Men eg går ikkje rundt og uroar meg veldig, seier Thomas-
sen.
– Er det norske Forsvaret eit godt for-
svar?
– Vi er gode på å forsvare oss sjølve. Vi
har jo gode soldatar. Vi er godt rusta, men vi er kanskje litt få, seier Carlsen.
ØNSKER NYTT UTSTYR
Det er spesielt tilgang på reservedelar og mye gammelt materiell som opptar perso- nane på verkstaden denne kvelden.
– Eg meiner vi lener oss litt for mykje på at ting akkurat skal gå rundt. Men det er ikkje nok å satse på at ting akkurat skal gå rundt. Ein burde hatt litt meir på lager, seier Thomassen.
– Ja, det er mykje gammalt utstyr. Og
det er vanskeleg å få tak i reservedelar til gammalt utstyr.
– Dei får jo snart nye fly og ubåtar, då. – Vi merkar ikkje mykje til det her ... – Snart kjem det nye stridsvogner.
– Ja, det blir bra for dei som held på
med stridsvogner!
– Kva ville de hatt nytt då?
- Noko nytt basemateriell eller verktøy,
seier Thomassen.
– Og kanskje køyretøya vi bruker til
vanleg, kunne vore bytta ut snart, seier Carlsen.
I verkstaden står eit av Forsvarets tru- faste køyretøy, den såkalla MB 240GD, klar for ein ny runde vedlikehald av meka- nikarane. Mange av desse tyskproduserte bilane, som har frakta på hundretusenvis av norske soldatar opp gjennom åra, kom til det norske Forsvaret den gang det var kald krig i verda og Russland heitte Sov- jetunionen.
 ANNONSE
  NÅR LEVERING BETYR ALT
Vår omfattende flåte inkluderer et stort utvalg av personbiler, elbiler og varebiler.
WE TRY HARDER
AVIS.NO
 70





























































   68   69   70   71   72