Page 5 - Forsvarets forum 3-2016
P. 5
Fotografen:
Dayna Smith 1962-
Smith er fødd i Minot i Nord Dakota i USA.
Utdanna ved Kent State University og arbeidde
som fotograf i Palm Beach Post og Washington
Times før ho blei fast fotograf i Washington Post.
I sine 30 år som fotojournalist har ho reist verda
rundt for å dekkje konfliktar og katastrofar.
Biletet:
Izbica Kosovo 6/11–1998.
Seksbarnsmora Ajmane Aliu vert trøysta av
familie og vener i gravferda til ektemannen
hennar Ilmi Aliu. Han vart skoten dagen før på
eit patruljeoppdrag for UCK, den kosovoalbanske
frigjeringshæren. Biletet vart valt til årets bilete
av World Press Photo i 1999.
Kort om Kosovo-krigen:
I 1989 blei Kosovo fråteke autonomt styre av
Serbia. Motstanden frå den etnisk albanske majo-
riteten steig gradvis, først som ikkjevald og etter
kvart som væpna motstand. UCK gjekk til åtak på
serbisk politi i 1996, og deretter eskalerte kon-
flikten fram til flyktning- krisa der meir enn
300 000 kosovoalbanarar flykta internt eller
over grensa til Makedonia. Nato gjekk inn i
konflikten og bomba serbiske byar i mars 1999.
I juni 1999 underteikna Serbias president Slo-
bodan Milosevic ein fredsavtale, og alle serbiske
styrkar trekte seg ut av Kosovo. Natostyrkar
overtok ansvaret for tryggleiken i landet for å
forsvare minoritetane i befolkninga. I februar
2008 erklærte statsministeren i Kosovo landet
for sjølvstendig. Erklæringa er stødd av 108 av
medlemslanda i FN.
Kjelder: World Press Photo, imagesmith.com
ARNE FLAATEN af@fofo.no
JUNI 2016 5