Page 98 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2021
P. 98

 98
 FORNØYD: Frode Hammer (i midten) er godt nøgd med aktivitetar som gjer ham moglegheit til å syne andre veteranar. Her vaskar han våtdrakta etter bruk.
Bølgjene skyl over kanten på båten og råkar familien Hammer rett i andletet. Dei manøvrerer seg ned stryket med latter og god hjelp frå ein instruktør.
På botnen av stryket er det ikkje mange bølgjer å sjå, men moroa held fram. Vaksne som barn herjar og badar i det iskalde brevatnet i Gudbrandsdalslå-
gen.
– Det var veldig gøy, seier åtte år gamle
Adrian Hammer, som nettopp har rafta for første gong.
Han – og resten av deltakarane – er ikkje blant dei vanlege som vitjar Heidal Rafting. Dette er eit arrangement for veter- anfamiliar, og over hundre deltakarar var påmelde.
– VIKTIG TILBOD
Raftingdagen vert arrangert av Veteran møter Veteran i samarbeid med Orga- nisasjonen for skadde i internasjonale operasjonar (Siops). Familiane kan velje mellom brattare stryk eller familieven- legheit. Frode Hammer er veldig nøgd med tilbodet.
– Eg var i første kontingenten i Kosovo frå Telemark bataljon. Etter tenesta var eg ikkje så flink til å halde kontakten med forsvarskollegaer, så eg synest det er vel- dig kjekt med eit slikt tilbod. Opplegget
er veldig lågterskel og godt eigna til å ta med familie, seier Hammer.
Han deltok saman med tre av dei fire barna sine: Adrian (8), Sebastian (10) og Sander (12).
– Eg trur det kjem til å bli veldig kult. Dette er både nytt og spanande, så eg gler meg, seier Sander idet dei skal starte føre- buingane.
Dei drar på seg seige våtdrakter, får utdelt redningsvestar og plasserer ein hjelm på hovudet.
Ein busstur opp i terrenget og ein kjapp introduksjon seinare startar dei. Turen har periodar med raskare strøk, og dei stoppar for å hoppe frå klipper.
– Vi hoppa frå klippa på 3 meter. Det var veldig moro, sa Sebastian.
Instruktørane oppfordra deltakarane til å stå i båten, skylje vann på nabobåtane og herje i vatnet. Etter 3 timar med spa- ning og leik returnerer dei gjennomvåte menneska til samlingsstaden. Der blir det arrangert grilling og avslapping.
TAR VARE PÅ VETERANAR
Marius Røed jobbar i Veteran møter Veteran som arrangerer tilbodet. Dei har over 56 frivillige frå heile landet som brenn for å samle veteranfamiliar og gi dei ein god samlingsplass.
– Det er viktig å gi eit tilbod til dei som
har gjort ein innsats for landet vårt. Vete- ranane våre fortener ein samlingsplass, seier han.
Røed set familievenlegheita som ein viktig premiss for aktivitetane. Dei har mange aktivitetar som bidrar til spaning og moro, men Røed fortel at det som er rundt opplegget er heilt sentralt.
– Familiane har høve til å møtast og overnatte. Det er eit fint samlingspunkt, og folk grillar mat og pratar. Dette er vik- tig for å ta vare på veteranane våre.
 FAKTA
❱ Veteranaktivitetar for familiar ❱ 56 frivillige
❱ 2700 deltakarar over heile landet
❱ Finansiert av Forsvaret og Gjensidigestiftelsen
❱ Over 25 arrangement
i sommar, blant anna fallskjermhopp, dyrepark og aktivitetshelg
  FRILUFT | RAFTING




































































   96   97   98   99   100