Page 75 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 75

 skal vere stroken, håret skal vere i høve til militære standardar, og skorne skal skine. Men sjølv om det er hardt, står dei saman og hjelper kvarandre gjennom tunge og vanskelege tider.
Det er her det gode samhaldet vert skapa, meiner Gresseth. Dei er små og aleine i ein stor leir, men dei står der som ein tropp og eit kompani.
Gjennom rekrutten vil enda fleire kan- didatar falle frå heilt til befalet meiner dei har den perfekte troppen. Rekruttane har da vore gjennom ein omfattande periode fylt med terping og drilling på Slo i tillegg til vanlig soldatutdanning.
BLODSLIT
Først etter jul kan dei kalle seg gardistar i Hans Majestet Kongens Gardes tredje gardekompani, og blant dei 36 drillgar- distane står Anders Salvesen. Nå skal all merksemda rettast mot målet om å bli verdsleiande innan deira nye fagfelt. Og nedteljinga til Norsk militær tattoo er i gang.
For drillgardistane tyder det lange dagar på åtte til ti timar med slutta orden og to timer fysisk trening. Dagane er svært krevjande og utmattande, men overser- sjant Gresseth er overtydd om at blodslitet
er med på å byggje sjølvtillit og samhald. Han meiner òg at dei brukar presset som blir lagt på dei, til eigen fordel for å prestere enda betre.
– I starten var det tungt, eg kan vedgå at i aspirant- og rekruttperioden tykte eg det var ganske tøft, og eg tenkte på kor herleg det hadde vore om vi var vanlege soldatar i eit anna kompani eller berre ikkje var i Forsvaret, seier den nyklekte gardisten Salvesen.
Korleis motiverte du deg til å halde fram?
– Det var da vi byrja å få meir skryt og du fekk det til. Du ser konturane av noko større enn ein feilfri «Oladrill».
– Og når vi byrjar å bli betre kjende, så står vi saman i blokka før vi går på som ei eining. Det blir skikkeleg klein ameri- kansk brotherhood-film, men vi kjempar for kvarandre. Du står ikkje aleine, du er der med brørne dine.
Kjenslene Salvesen skildrar, er ikkje berre som ein klein amerikansk broth- erhood-film, men heng tett saman med korleis vi menneske er sette saman. For det er ein samanheng mellom motivasjon og samhald.
Tryggleik og tilhøyr er eit svært grunn- leggjande behov for menneske, forklarer
INSPEKSJON: Kvar dag blir gardistane sine rom og skap inspisert av befal. Ifølgje Gresseth skal gardistane setje standard for resten av kompania på Huseby. Kvar dag etter bruk blir uniformene stroke, og skoa skal bli pussa minimum tre gonger om dagen.
FORSVARETS FORUM 75




















































































   73   74   75   76   77