Page 76 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2022
P. 76

 REPORTASJE | SOLDATLIV
76
    KAMERATSKAP: Troppane lever tett på kvarandre og er svært komfortable i kvarandre sitt nærvær.
«Tryggleik og tilhøyr er eit svært grunn- leggjande behov for menneske.»
Morten Tvedt, psykologspesialist og sjef Institutt for militærpsykiatri og stress- meistring (IMPS).
I Forsvaret vert mange ulike menneske samla i kompani, troppar og lag for å løyse ei felles oppgåve. Ein jobbar tett og blir avhengig av kvarandre for å utføre denne oppgåva.
Psykologspesialisten meiner det å få dekt dei grunnleggjande behova vert opplevd som motiverande. Det kjem spe- sielt il uttrykk når menneske vert utsette for høg stress. Dette handlar om at ein i belastande situasjonar ønsker å stille opp for makkeren sin.
– Samhald er limet som held einingar saman og skapar både individuell og kol- lektiv motivasjon.
DRILLSESONG
Men så aukar vanskegraden. Våren er snart over, og sommaren står for tur; det tyder at det er klart for avdelingspe- rioden. Nå skal musikk- og drilltroppen løyse oppdrag saman, og publikumstalet aukar for kvar gong.
Det luktar stramt av sveitte inne på roma til gardistane. Dei har nettopp gitt alt dei har, under evalueringa til gardesje- fen, men det tyder ikkje at stressnivået er noko lågare. For straks dei er ferdige, skal både paradeuniformer, våpen og instru- ment pakkast inn i bussane før dei set kursen nordover for årets første oppdrag. Sesongen vert sett i gang med ein smell på «Lillehammerreveljen». Framsyninga vert arrangert kvart år og er sjølve symbolet på starten av drillsesongen. Da kan somma- ren kome med ei fullspekka oppdragsliste.
Blant karibiske trommer og lukta av hest, i slottshagen på Windsor Castle, står 3. gardekompani. Lyden av «Gam- mel Jegermarsj» flyt mellom dei store, kvite telta, kompaniet gjer seg klar for årets første utanlandsoppdrag. Det er tid for feiringa av dronning Elizabeth IIs 70 år på trona.























































































   74   75   76   77   78