Page 86 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 86

                                 KRONIKK
  regjeringa handsamar Freedom of Infor- mation Act-førespurnader på i dag, kan det ta 250 år å svare på dei som kjem til ved George W. Bush Library aleine. Det $nst ingen eektive system for automa- tisk avgradering, og dei føderale byråa har korkje personell eller midlar nok til manuelt å handsame og sensurere milli- ardar av sikkerheitsgraderte dokument. «Om desse dokumenta i staden blei haldne tilbake eller øydelagde, ville det vere umogleg å avdekkje kva oentlege tenestepersonar gjorde i løyndom», skriv Connelly. Noko som i utgangspunktet såg ut som ein tørr teknokratisk gåte, blir dermed eit eksistensielt problem: Når milliardar av nye dokument vert sikker- heitsgraderte kvart år, utan nokon trygg eller påliteleg måte å avgradere dei på, kva skjer med den nedskrivne historia? Som Connelly skriv, om USAs regjering «ikkje eingong kan haldast ansvarleg i historias rettssal [...], er ho i røynda ikkje ansvarleg overfor nokon som helst».
Connelly foreslår ei løysing. Sidan mengda av sikkerheitsgradert informa- sjon framleis er så overveldande, kan han berre handsamast med magi frå behandling av stordata. Ved å skanne hundretusenvis av avgraderte dokument (somme sensurerte, andre ikkje), kunne Connelly og kollegaene hans byrje å leite etter visse ord, tema og koplingar som kan identi$sere spesielt sensitive element. Ved å samanlikne sensurerte med usen- surerte versjonar av dei same avgraderte dokumenta frå ein gitt periode, samla dei ei humoristisk liste over «Dei mest sensurerte» namna i Amerika (inklusive Kongos statsminister Patrice Lumumba og Irans statsminister Muhammed Mos-
sadegh, som begge var mål i CIA-operasjo- nar). Connelly og temaet hans utvikla ei rekkje teknologiske metodar for hurtig å sortere store arkiv, og velje ut dokument som svarte til spesi$kke kriterium. De skjønte at ein slik teknologi kunne bru- kast i arbeidet med avgradering ved å «trene algoritmar til å leite etter sensitiv informasjon som krev nøyaktig gran- sking, og så framskunde oentleggjeringa av alle andre dokument». Det er dette som er «avgraderingsmotoren» i tittelen til Connellys bok: Ei genial teknologisk løy- sing på eit umogleg byråkratisk problem.
Maskinen er framleis i sin spede barn- dom, med ein betaversjon laga av History Lab for å demonstrere moglegheitene til maskinen. Så langt har han berre blitt brukt til å handsame materiale som alle- reie er avgradert. Connelly og kollegaene hans ville forbetre han og gjere han meir nøyaktig ved å nytte han på historiske sikkerheitsgraderte dokument, eit pilot- prosjekt som krev oentlege midlar og godkjenning, noko som ikkje burde vere vanskeleg å løyve i ei regjering i ei gjen- nomgåande graderingskrise. Dette vil vere ei kostnadseektiv løysing, i alle fall samanlikna med å tilsette menneske som manuelt må gå gjennom materialet før det eventuelt kan oentleggjerast.
Connelly og gjengen med dataingeni- ørar og matematikarar drog dermed til Washington D.C. for å føre fram saka si. Dei møtte med Utanriksdepartementet, National Declassi$cation Center, Public Declassi$cation Board og kontoret til USAs etterretningsdirektør. Dei blei møtte med interesse. Ved Utanriksdepartemen- tet, som sender meir enn to milliardar e-postar kvart år, blei dei fortalde av det
var eit «skremmande klart» behov for den typen teknologi dei foreslo. Men departe- mentet hadde ikkje midlar til å autorisere eit pilotprogram eller til å $nansiere for- skinga deira. Det blei foreslått at studentar ved Columbia University kunne bli henta inn for å arbeide med det, og bli kompen- serte med studiepoeng. «Eg blei overraska over at avgradering kunne bli behandla som eit skoleprosjekt», skriv Connelly.
Dei enda opp i eit møte med Intelli- gence Advanced Research Projects Acti- vity (IARPA), ein etat som har i oppgåve å jobbe med Nasjonalarkivet i søken etter teknologiske løysingar på problemet med overdriven sikkerheitsgradering. Etter at dei hadde høyrt forslaget, fortalde ein representant for IARPA at ho i #eire år hadde prøvd å byggje ei liknande løysing for å sikkerheitsgradere, ikkje avgradere. Ho tykte ideane verka spennande, men forklarte at å investere i teknologi for å oentleggjere sikkerheitsgraderte doku- ment «ikkje ville gi tilstrekkeleg avkast- ning».
Slutten på Connellys fascinerande og viktige bok er desillusjonerande, men ein sit igjen med håpet om at gruppa til slutt vil $nne meir gjestfrie investorar i den føderale regjeringa, som kan tillate dei å teste og å vidareutvikle avgraderingsal- goritmen med ekte sikkerheitsgraderte data. Om ein trur på dei grunnleggjande prinsippa bak USAs politiske system, er risikoen så stor han kan bli. Som Connelly hugsar at han tenkte da han fekk avslag frå IARPA: «Vi kan ikkje setje ein penge- verdi på demokratisk ansvar.»
Oversett frå engelsk av Martin Shantz Heide.
 
























































































   84   85   86   87   88