Page 84 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 84

                 KRONIKK
 løpet av 80 år, foreslår Connelly ei for- klaring med meir alvorlege konsekvensar. Sikkerheitsgradering er utøving av makt. Ho er som regel ikkje motivert av nasjonal sikkerheit, men av omsyn til politisk eller byråkratisk press.
«Heilt frå byrjinga har det som blir halde hemmeleg, vore det som er nyt- tig for presidentar og omgangskrinsane deira, som har interesser i den utøvande makta», skriv Connelly. I alle byråkrati er evna til å gjere noko til ei hemmelegheit eit uimotståeleg trumfkort – ein måte å unngå uønskt innsyn, famne om eigne prioriteringar og å skjule veikskapar på. «Etter at makta til sikkerheitsgradering blei sleppt laus, fann forskjellige presiden- tar ut at ho hadde ei makt i seg sjølv», held Connelly fram. «Tusenvis av menneske, mange med karrierar i det oentlege, byrja å halde eigne løyndomar som dei iherdig verna. Det gjorde det vanskelegare å identi$sere og verne det som var av per- sonleg tyding for presidenten. Men samti- dig kunne dei lekke det de ville, noko som undergrev presidenten sine moglegheiter til å handsame nyheitshjulet.»
Connelly er spesielt kritisk til rolla til militærleiinga. For eksempel brukte Douglas MacArthur og Curtis LeMay «lekkasjar og spinn like mykje som hem- meleghald for å verne sine eigne motiv og agendaer». Dei dreiv lobbyverksemd for å auke militærbudsjettet og trassa sivile myndigheiter direkte. Connelly fortel at i 1978 slutta stabssjefane å ta vare på notat frå møta sine. «Dei ville unngå for- pliktande papir, som om Amerikas øvste militære leiarar dreiv eit ulovleg lotteri.»
I eit system der såpass mykje infor- masjon endar opp sikkerheitsgradert,
kan nøye utvalde lekkasjar fungere som ein sikkerheitsventil når visse saker må oentleggjerast av nasjonale sikker- heitsomsyn. Jussprofessor David Pozen har argumentert for at lekkasjar frå den utøvande makta ikkje er teikn på institu- sjonelle veikskapar, men heller ei strate- gisk røyndomstilpassing. Lekkasjar gjer det mogleg for ei regjering å gi «informa- sjon om eigne aktivitetar til forskjellige publikum både innan- og utanlands, utan å pådra seg alle dei diplomatiske, juridiske og politiske risikoane ei osiell anerkjenning inneber». Som William M. Daley, Barack Obamas stabssjef, vedgjekk: «Eg støtter lekkasjar fullt ut så lenge dei er organiserte.»
Kvar regjering i USA har lekt sensitiv og o!e sikkerheitsgradert informasjon til pressa. Mens straa for uautoriserte avslø- ringar o!e er alvorleg for tilsette lenger ned på rangstigen, er det nesten ingen konsekvensar for medvitne lekkasjar frå høgt plasserte tenestepersonar. Eit eksem- pel på dette er kontrasten mellom Reality Winner og CIA-direktør og $restjerners general David Petraeus. Winner lekte etterretningsrapportar om Russlands inn- blanding i det amerikanske presidentvalet i 2016, mens ho var utplassert i NSA. Ho blei dømt til fem år og tre månader feng- sel. Petraeus delte #eire notatbøker fulle av topphemmeleg innhald med biografen sin – som også var elskarinna hans – og laug om det til føderale etterforskarar. Han blei dømt til to års prøvetid og ei bot. Connelly minner om ein spøk av sir Hum- phrey Appleby i BBCs situasjonskomedie Yes Minister: «The Ocial Secrets Act er ikkje der for å verne løyndomar, men for å verne oentlege tenestepersonar.»
Irritasjonen over mangelen på framsteg i problemet med overdriven sikkerheitsgra- dering blir større av at dei #este som har re#ektert over situasjonen, sannsynlegvis vil vere einige i hovudelementa i Con- nellys argumentasjon. Det er nesten 20 år sidan 9/11-kommisjonen konkluderte med at for mykje hemmeleghald kan vere farleg for nasjonal tryggleik. «Hemmeleg- hald, sjølv om det er nødvendig, kan vere skadeleg for tilsyn», står det i rapporten. Han legg til at «den beste mekanismen for tilsyn» i eit demokrati er «formidling til oentlegheita».
Men å vedgå problemet er noko heilt anna enn å gjere noko med det. Obama lova i byrjinga av sitt embete at dei skulle skape «den mest opne og transparente regjeringa i historia», men som Connelly påpeikar, enda det med «ein eksponenti- ell vekst i sikkerheitsgradert informa- sjon». Han straeforfølgde i tillegg #eire varslarar enn alle sine forgjengarar til saman. Når grupper utanfor regjeringa har prøvd å presse ho til meir openheit, har dei møtt standha!ig motstand og tid- vis hemn. Connelly fortel ei stygg historie frå 1980-talet, etter at Det nasjonale sik- kerheitsarkivet blei grunnlagt. Ein ideell organisasjon tilknytt George Washington University nytta Freedom of Information Act til å spørje etter informasjon og sak- søkte Reagan-regjeringa for å avdekke maktmisbruk frå regjeringa og FBI, som svarte med å starte ei overvaking av Det nasjonale sikkerheitsarkivet.
Samtidig kan mengda dokument som vert sikkerheitsgraderte kvart år, verke uhandterleg for dei som verkeleg ønsker å gjere noko med problemet. Med farten
 
























































































   82   83   84   85   86