Page 83 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 83

                  at da bygginga av Pentagon starta i 1941, forventa president Franklin D. Roosevelt at militæret ikkje ville vere stort nok i etterkrigstida til å utnytte bygningen. Når krigen var over, kunne det #ytte ut av komplekset, som så kunne bli brukt som eit anneks til Nasjonalarkiva.
Det skjedde aldri. Framveksten av eit permanent forsvarsbyråkrati og det mili- tærindustrielle komplekset i kjølvatnet av andre verdskrigen blei i staden grobotn for den osielle graderinga. Heller enn å innføre på nytt kulturen og institusjo- nane slik dei var i mellomkrigstida, blei dei institusjonaliserte under Truman-re- gjeringa og i opptakten til den kalde kri- gen. Opprettinga av nye etterretningsbyrå som CIA og hemmeleghaldet av det vek- sande amerikanske atomarsenalet blei drivkra! for profesjonaliseringa av sik- kerheitsgradering i staten. «Sikkerheits- systemet vi har i dag, er eit resultat av det siste tiåret aleine», sa senator Hubert Humphrey i 1955. «Vi har vedtatt spio- nasjelover, stramma opp eksisterande lovverk, kravt etterforsking og klarering av millionar av eigne statsborgarar, vi har sikkerheitsgradert informasjon og låst det inne i sikringsskap [...] Vi har ikkje stoppa opp i vår nødvendige, om enn hektiske, søking etter sikkerheit for å stille oss sjølv spørsmålet: Kva er det vi freistar å verne, og frå kva?»
I teorien burde amerikanarar kunne sjå tilbake på dei tilsynelatande rasjonelle grunngjevingane for sikkerheitsgrade- ringa av forskjellige regjeringsaktivite- tane og avgjere om det var nødvendig med såpass mykje. Det er dette Connelly og hans kollegaer på Columbia freistar å gjere. Men den langsame avgraderingspro- sessen gjer eit slikt arbeid frustrerande.
Mengder av viktige historiske dokument er framleis sikkerheitsgraderte, over eit halvt hundreår etter hendingane som er skildra i dei. Mens styresmaktene bruker meir og meir pengar på å sikkerheitsgra- dere dokument kvart år, har løyvingane til avgradering stadig blitt mindre. Bud- sjettet er nå knappe 100 millionar dollar i året for heile den føderale staten. «Penta- gon brukar $re gonger meir på militære musikkorps», seier Connolly tørrvittig.
Ved å studere journalane som regje- ringa har avgradert, og kva dei avslører om dynamikken til det oentlege hem- meleghaldet har Connelly og kollegaene hans utvikla ei innovativ løysing. Over dei siste ti åra har dei samla saman den største databasen i verda for avgraderte dokument. Med verktøy henta frå stordata og maskinlære har dei utvikla teknikkar for å analysere mønster og avvik i arkiva. Connellys påstand om at forkjærleiken for hemmeleghald i visse delar av byrå- kratiet har vakse fram som ein kult, kan verke som ei overdriving. Men prosjek- tet – som byrja med å skanne sensurerte avgraderte dokument i eit forsøk på å avdekkje patologien i den overdrivne sik- kerheitsgraderingen – blei oppfatta som ein stor nok trussel til at tidlegare regje- ringsadvokatar åtvara Connelly og teamet hans om at dei kunne bli tiltalte for brot på spionasjelova.
Det er inga overrasking at portvaktarane i sikkerheitsgraderinga freistar å forsvare seg mot ei slik gransking. Sjølv dei mest ihuga kritikarane av overdriven bruk av sikkerheitsgradering plar vedgå at staten har behov for å halde visse ting hemme- lege. Ein kan vere ueinige i om NSA burde
utvikle et arsenal av cybervåpen eller ikkje. Dei #este vil derimot vere einige i at om et slikt våpenlager $nst, burde det ikkje vere oentleg tilgjengeleg. Det same gjeld sensitiv informasjon om atomvåpen, eller namn på menneske som spionerer på vegner av USA. Når det kjem til spionar, er det grunnlag for å halde informasjon hemmeleg i #eire tiår, sidan det vil vere vanskeleg å rekruttere nye spionar om dei veit at forræderiet deira automatisk vert avgradert etter knappe 20 år.
Om sikkerheitsgraderinga i staten hadde vore tilpassa slike presise katego- riar frå byrjinga av, ville ho ikkje blitt eit like stort problem. Grunngjevinga for mesteparten av sikkerheitsgradering er ikkje såpass god. Tidleg i etableringa av hemmeleghaldet i etterkrigstida utvikla autoriteten til å gradere seg til ein byrå- kratisk re#eks. For alle oentlege tenes- tepersonar som må ta hurtige avgjerder gjennom ein hektisk arbeidsdag, er straa for underdriven gradering ganske alvor- leg, mens det nesten ikkje er noka stra for å overdrive. Ein kan gjere greie for korleis det blei slik ved å sjå på dei struk- turelle insentiva for ein tenesteperson med autoritet til å sikkerheitsgradere enkeltdokument, og avleie dette til alle andre funksjonærar med makt til å sikker- heitsgradere i alle andre byrå kvar dag dei siste 80 åra. Problemet har vakse til uover- siktlege dimensjonar. I 2012 blei over 95 millionar dokument sikkerheitsgraderte i USA, det vil seie tre i sekundet.
Historia om korleis genuine nasjo- nale sikkerheitsomsyn blei blanda med avhengnad av byråkrati og risikoaversjon som skapte ein sjølvforsterkande eekt, er den harmlause tolkinga. Etter å ha gran- ska faktiske graderingsavgjerder gjort i
 

























































































   81   82   83   84   85