Page 82 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 82

                 KRONIKK
I 2017 kunne The New York Times melde at styresmaktene ikkje var nær- mare eit svar etter å ha etterforska saka i 15 månader. Om dei i ettertid har identi$sert gjerningspersonane, er denne informasjonen tryggleikssgra- dert. Fiaskoen framhevar den subtile akilleshælen som styresmaktene har gjennom graderinga. NSA er berykta for si evne til å halde på løyndomar – ifølgje ein gammal vits står initialane for «No Such Agency». Likevel vart i
ei stor mengd av dei best vakta løyndo- mane i staten lekte for heile verda. Det er heller ikkje første gongen dette har skjedd dei siste åra. I 2017 blei hacking-program- varer frå CIA avslørte av Joshua Schulte, ein av programvareutviklarane i byrået. I 2013 ble overvakingsprogramvarer lekte av Edward Snowden, ein IT-tekni- kar som var utplassert hos NSA. I 2010 blei telegram og videoar lekte av Chelsea Manning, ein meinig frå den amerikanske hæren.
I si nye bok «The Declassi$cation Engine, What History Reveals About America's Top Secrets» skriv den ame- rikanske historieprofessoren Matthew Connelly at dette er døme på eit para- doks i tryggleiksgraderinga hos moderne styresmakter. I #eire tiår har ekspertko- mitear og nyvalde presidentar i USA vore overraskande einige om at sikker- heitsgraderinga har vakse ukontrollert – og lova å gjere noko med det. Likevel blir #eire nye dokument stempla «topp hemmeleg» kvart år, og #eire oentlege aktivitetar blir halde unna gransking frå innbuarar, journalistar og til og med frå Kongressen. I 2017 brukte USAs føderale styresmakter over 18 milliardar dollar på å oppretthalde infrastrukturen tilknytt
tryggleiksgradering, nesten dobbelt så mykje som fem år tidlegare. Men nett- opp fordi så store delar av aktivitetane til regjeringa skjer i løyndom, er det nødven- dig å gi sikkerheitsklareringar til #eire og #eire oentlege tenestepersonar. Rundt 1,3 millionar amerikanarar har nå den øvste klareringa, rundt dobbelt så mange som det bur i Washington D.C.
Reknestykket blir enkelt. Legg saman den enorme dimensjonen på sikkerheits- graderinga og det store talet på menneske som treng sikkerheitsklarering for å gjere jobbane sine. Ta deretter med i betrakt- ninga kor mykje enklare det stadig blir å kopiere og overføre svære mengder med digital informasjon. Store lekkasjar av sik- kerheitsgradert informasjon vil sannsyn- legvis halde fram. Det er tydeleg at #eire tiår med dårlege vanar og avhengnad av sikkerheitsgradering hos etterretningsby- råa har undergrave openheit og demokra- tisk ansvar. Nasjonal sikkerheit er o!e ei unnskyldning for tilfeldig sikkerheitsgra- dering, men som Connelly påpeikar, når alt er hemmeleg, er ingenting hemmeleg: «Sjølve storleiken på denne skyggestaten [...] har blitt ein risiko for staten sin eigen tryggleik.»
Om risikoen ved overdrive oentleg hemmeleghald er så velkjent, kvifor blir ingenting gjort med det? Ein av Connel- lys hypotesar er at retten til å sikkerheits- gradere har blitt eit kjært privilegium for regjeringane, eit verktøy brukt av presi- dentar, generalar og høvdingar av mindre len for å skuggeleggje avgjerder, hindre gransking og for å sleppe å bli stilt til ansvar. Reformforsøk vaklar i møte med byråkratisk gjenstridigheit. Men sjølve talet på sikkerheitsgraderte dokument er ei utfordring i seg sjølv: sidan styresmak-
tene sikkerheitsgraderer snøggare enn dei avgraderer, veks mengda kvart år. Korleis skal ein byrje å avgradere eit så stort tal på dokument? Og dersom det ikkje er mog- leg, kva skjer med den nedskrivne histo- ria? Connelly foreslår ei mogleg løysing i boka si, men ho kan berre funke om han får styresmaktene med på det.
Connelly er professor i internasjonal og global historie ved Columbia University. Han er også direktør ved History Lab, eit prosjekt der datavitskap vert brukt i arbei- det med avgraderinga av #eire millionar dokument. Ifølgje Connelly er den omfatt- ande graderinga eit svik mot USAs histo- riske grunnleggjande prinsipp, men det er også eit relativt nytt problem. Det første halvtanna hundreåret i republikken var kjenneteikna av «radikal openheit», mei- ner Connelly: Når nasjonen var i krig, blei hemmeleghald og spionasje brukt, men i fredstid blei praksisen avslutta. Det fanst inga permanent etterretningsteneste i USA før skipinga av Oce of Naval Intel- ligence i 1882. «Det burde ikkje $nnast nokon stad der noko kan bli gjort utan at alle veit om det», sa Woodrow Wilson i sin valkampanje så seint som i 1912.
Connelly viser korleis idealet for ansvarshald direkte har vore knytt til journalføring og arkivarbeid. I 1853, lenge før Donald Trump byrja å skyle oentlege dokument ned i toalettet i Det kvite hus, blei det vedtatt lover mot øydelegging av føderale journalar av alle slag. Halvt- anna hundreår før WikiLeaks publiserte avkorta telegram frå utanriksdepartemen- tet, publiserte dei desse sjølv. Dei oent- leggjorde ei rekkje nyleg mottatte brev frå utanlandske ambassadar. Connelly fortel
 
























































































   80   81   82   83   84