Page 80 - Forsvarets Forum nr. 3 / 2023
P. 80

                 KRONIKK
           Ein av dei mest omfattande lekkasjane av tryggleiksgradert informasjon i USA skjedde i august 2016. Ein anonym organisasjon som kalla seg The Shadow Brokers avslørte eit arse- nal av cybervåpen som hadde blitt utvikla i all løyndom av det amerikanske etterretningsby- rået National Security Agency (NSA). Etterret- ningsmiljøet gjorde alt dei kunne for å avgrense
skadeomfanget. Når cybervåpena hadde blitt avslørte, saman med tilknytinga dei hadde til den amerikanske staten, måtte NSA utvikle nye for å forsikre seg om at hackarane deira til ein viss grad truverdig kunne nekte for aktivitetane sine. At kjeldekoden til våpena hadde blitt publisert på internett, var enda farlegare, koden var nå tilgjengeleg for kven som helst utan skruplar. Det var ein digital versjon av «lause atomvåpen».
Så å seie over natta omarbeidde cyberkriminelle
koden som blei brukt til ei rekkje løysepengevirus-åtak, som råka millionar av PC-ar verda over. Tusenvis av pri- vate verksemder blei lamma, frå ein bilfabrikk i Frank- rike til ein sjokoladefabrikk i Australia. Koden blei også utnytta av regjeringar utanfor USA. Nord-Korea brukte koden til å angripe det britiske helsevesenet, noko som tvinga sjukehus til å avvise pasientar. Iran brukte koden til å angripe #yselskap i Midtausten, og Russland brukte han mot Ukraina.
Mens talet på cyberåtak voks, visste ingen i Washing- ton D.C. kven som hadde skyld i lekkasjen. Det kunne vere ei utanlandsk etterretningsteneste som hadde kome forbi NSAs berykta digitale forsvar, eller ein des- illusjonert kodar i byrået. Shadow Brokers hånte etter- retningstenesta i ein serie nettinnlegg, som om dei ville gni det inn, og dei gjorde narr av etterforskinga i leiken, gebrokken engelsk: «Is NSA chasing shadowses?»





























































































   78   79   80   81   82