Page 51 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 51

 Ein anonym befalingsmann brøler ut kommandoen sin rett i fjeset på lesarane av Forum-utgåve nummer 3 i byrjinga av februar 1985. Illustrasjonsfotoet er sterk kost, ikkje minst i kombinasjon med overskrifta DÅRLEG toppleiing.
Vernepliktig kaptein og personaldirektør Bernt Amdahl svingar pisken. På innsidene vert også ein panelsamtale presentert der fleire sentrale befal drøftar utfordringar for leiinga i Forsvaret.
Parodi. Amdahl er toppleiar i ISS Servisystem med 5000 tilsette.
Han seier: – Repetisjonsøvingane gir forsvars- leiinga eit unikt høve til å stimulere manns- kapa. I staden opplever vi at sentrale oberstar og generalar misbrukar sjansane og bryt ned moti- vasjonen. Eg spør om desse menneska er dyktige nok som leiarar, seier Amdahl.
Han legg ikkje fingrane imellom. På inn- sidene finn vi utsegner som:
– Desse typane synest oversjå at soldatane våre er tenkjande, fornuftige menneske. Ein opplever ei misforstått markering av eigen styrke som i mange høve nærmar seg den reine parodien.
Påtale. Amdahl viser til røynslene sine i næringslivet der mykje handlar om god bedrifts- kultur og samspel som får medarbeidarar til å snakke positivt om bedrifta.
Han er konkret om eigne opplevingar frå øvinga Bold Bird i Østfold.
– Søndag i kyrkjetida kjem generalane Breidlid og Ingebrigtsen på inspeksjon. Eg
har openbert gløymt viktige detaljar frå den aktive «karrieren» min og stiller i dei svarte gummistøvlane som Hæren nyttar. Årsaka er at marsjstøvlane er gjennomvåte og lite beha- gelege etter nattas øvingar. Dette fører til bein- veges påtale frå Breidlid. Generalen gir beskjed om at påkledinga bryt ned motivasjonen hos soldatane.
Redaktør-regi. Sagafos har sjølv tatt regien
i panelsamtalen der leiarar for Hærstaben, Krigsskolen og Norske Reserveoffiserers For- bund møter Amdahl. Deltakarane er samde i at påstandane ikkje er grunnlause. Dei er usamde i om kritikken råkar blink på alle punkt eller ikkje. Panelet oppfattar den grunnleggjande lei- arutdanninga i Forsvaret som god, men meiner at praktiseringa og oppfølginga kan bli betre.
– Vi gløymer for lett at ros er betre enn ris, seier Krigsskole-leiar oberst Tormod Sleppen.
Frå Hærstaben vert det innvendt at episodane berre synest vere enkeltståande hendingar.
REDAKTØREN: Ole Johan Sagafos med forsiden som skapte reaksjoner. FOTO: ARNE FLAATEN
Presserefs. I neste nummer opnar paneldelta- kar Tormod Sleppen slusene for presserefs.
– Overtramp av Forum. Tonen i panelsam- talen var prega av ein ærleg freistnad frå alle partar på å diskutere seriøst leiarskap. At redaktøren, toppleiaren stilte opp, vart følt som roande med omsyn til seriøs dekning av det som kom fram. Stor var derfor overraskinga mi da eg fekk sjå korleis den same redaktøren slår dette opp i beste «herverande middagsavis»-stil. Eg synest oppslaget øydelegg ei interessant sak. Leiarskap er for alvorleg til at det skal latterleg- gjerast, skriv han.
Raudglødande. – Telefonlinjene har nærmast vore raudglødande den siste veka, fortel redak- tør Sagafos på same sida.
Han meiner at dei aldri har fått så mange reaksjonar på eit nummer. Berre 1 til 2 prosent er negative, skriv han.
Så fylgjer ei lang rekke innlegg.
– Ikkje berre bom, men skivebom, hevdar generalmajor Arne Haugan. Kritikken er etter
hans meining ei «fælande tenesteutsegn». Han seier det er mystisk at kritikken kjem
halvtanna år etter dei omtalte hendingane.
– Det kan tyde på at heile opplegget er unn-
fanga av redaktør Sagafos, skriv Haugan.
Leiarfeiden. Nils M. Aadland i sekretariatet
for tillitsmenn helsar debatten velkomen. Han ser fram til å høyre kva yngre befalingsmenn tenkjer om leiing. Andre medium har for lengst kasta seg over leiarfeiden i Forsvarets Forum.
I ein NRK-debatt mellom forsvarssjef Fredrik Bull-Hansen og redaktør Sagafos går forsvars- sjefen langt i sin kritikk av dei redaksjonelle vala.
Takhøgda. 30. mars kokar det nærmast over. Heile sju sider dreiar seg berre om leiardebatten og rolla til forsvarsavisa! Synspunkta held fram med å vere svært delte. Generalmajor Paul M. Strande stiller spørsmål om
nokon (Forum) freistar å
svekkje forsvarsevna vår.
»»» AUGUST 2020 51



































































   49   50   51   52   53