Page 52 - Forsvarets Forum nr. 4 2020
P. 52
aktuelt » Forsidebråk
» Vernepliktig major Magnar H. Enebakk slår fast at takhøgda i Forsvaret må vere stor når deira eiga avis trår til så kraftig.
Rolf Kristiansen, vernepliktig offiser, spør om generalane i Hæren er hårsåre. Generalmajor Vigleik Eide, også deltakar i panelet, meiner
at redaktør Sagafos med det sensasjonsprega oppsettet sitt ikkje har tatt utgangspunkt i det prinsipielle, men berre i dei einsidig opplyste påstandane frå kaptein Amdahl.
Går av. I utgåva 18. mai er namnet til Ole Johan Sagafos ute av kolofonen. Redaksjonssjef Leon Luckow er nå fungerande redaktør, utan at Forsvarets Forum har omtalt endringa med eitt einaste ord. Aftenposten og andre medium har likevel rapportert at redaktøren i Forum går av. Sagafos seier til avisa at han sluttar blant anna på grunn av ei monaleg usemje vis-à-vis den
militære leiinga om linja i tidsskriftet. Han avvi- ser at avgangen har noko med kritikk av enkelte reportasjer og gjere.
Verknadsfull. Sagafos kjem aldri tilbake til For- svarets Forum. Han får ein lang karriere i Hydro i ulike roller og i fleire land til han når pensjons- alderen i 2020.
– Korleis vurderer du exiten i dag?
– Eg hadde ingen planar om å trekkje meg. Tvert om. Det var fleire utfordringar, men eg stortreivst i redaktør-rolla. Så kom Hydro med ein førespurnad, i god tid før vi publiserte saka om leiinga i Forsvaret. Eg kjende selskapet godt frå tida mi som journalist i Grenland og valde å søkje permisjon.
– Kva tenkjer du i dag om førstesideoppslaget og debatten for 35 år sidan?
– Vi var sjølvsagt friske i fråsparket og uredde
i ordbruken. Målet var å skape debatt, og det klarte vi til gagns. Sett i etterkant var det vel ikkje så mange som tok skade av debatten. I dag er det jo elles ei langt større openheit for slike rundar, svarar han og legg til:
– Eg ville ikkje ha beklaga biletbruken i dag. Den var jo særs verknadsfull.
ERLING OMVIK
LEDELSE: Debatten om ledelse skapte telefonstorm til Forsvarets forum.
Forsvarets forum jubilerer!
For 75 år siden ble den første utgaven av Mannskapsavisa publisert.
I 1980 ble Mannskapsavisa etter- fulgt av Forsvarets forum.
I jubileumsåret 2020 vil vi i hver utgave av F – Forsvarets forum
publisere en artikkel med bakgrunn
i historien til Mannskapsavisa/
Forsvarets forum. Teksten er skrevet av Erling Omvik, som også er forfatter av en jubileumsbok som utkommer i november.
52 AUGUST 2020
forsvaretsforum.no