Page 68 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2022
P. 68

 PÅ BESØK | EVENES
68
 TIDLEG PÅAN: Ein arbeidsdag på Evenes flystasjon startar klokka 07:00. Christian Fiskaa rekk ofte ein kopp kaffi med kollegaer før morgenmøtet startar.
EVENES FLYSTASJON: Det vert omtala som verdas mest avanserte overvakingsfly, og ein «formidabel ressurs» for å kontrollere kva som skjer over og under havoverflata.
Russlands brutale angrepskrig i Ukraina har gjort at informasjon om kva russarane held på med i nordområda meir ettertrakta enn på lenge i Nato.
For Noreg handlar no alt om å få dei nye overvakingsflya, P-8A Poseidon, på vengene og i operativ teneste. Planen var å ha flya klar innan førstkomande sommar. No er beskjeden frå regjeringa: Helst før.
På Evenes flystasjon er morgonmøtet blant Luftforsvarets tilsette ferdig. Her går mannskapet først gjennom rapporten frå kveldsskiftet før dagens oppdrag vert for- delt. Christian Fiskaa (23) er avionikar og har fått i oppgåve å gjere noko han har gjort mange gangar før: Ein dagleg sjekk, eller «daily» som ein seier i flyteknikar- miljøet.
Ei heilt vanleg oppgåve på eit fly som langt frå er vanleg.
Fiskaa fullfører dagens første kaffi- kopp, skravlar litt med kollegar, før han
tar på seg Forsvarets refleksjakke og set kurs ut døra og mot flyoppstillingsplas- sen. Ute har den blåkvite vintersola lagt seg over rullebanen. Fiskaa fiskar fram ei lommelykt og lyser over flykroppen. Ein dagleg sjekk startar alltid utandørs. Har flyet fått skadar i skroget, skal desse oppdagast.
- Det som er kjekt med denne jobben er at du får så mykje ansvar. Du må våge å seie i frå om du meiner noko ikkje er som det skal vere, og ikkje gøyme det bort, seier Fiskaa.
Før han legg til:
– Og så må du vere klar til å innsjå at du kanskje kan ta feil om noko du trudde var feil.
Eigentleg er det ei gåte at Fiskaa skulle ende opp som avionikar i Luftforsvaret. Han hadde korkje interesse av eller kunn- skap om fly før han byrja på elektrolinja på vidaregåande skule i Stavanger. Faktisk har Fiskaa tidlegare hatt flyskrekk og var lite glad i å fly. Men ulike samantreff gjorde at han starta ved flylinja – og etter 18 månader med førstegongsteneste i Luft- forsvaret vart Fiskaa tilsett ved F-16-basen
i Bodø. Då den basen vart lagt ned, fekk 23-åringen tilbod om å vere med over på dei nye overvakingsflya.
Ein av dei mest spennande dagane på jobb var då Fiskaa fekk vere med på tre- ningstur med eitt av dei nye flya. Flyginga gjekk frå Evenes til Ørlandet. Pilotane trena også på lågflyging.
– Det var show! Vi var 300 meter over Trondheim, smiler Fiskaa.
Noreg har kjøpt inn fem nye maritime overvakingsfly. Dei tre første er levert frå fabrikken i USA, dei to siste kjem neste år. Og flyet seg eigentleg ut som eit heilt ordinært sivilt Boeing 737-800 der det står på Evenes, sett bort ifrå at det står «Royal Norwegian Air Force» langs den grå flykroppen.
Det er først når ein kjem om bord at skilnadene frå fly-fetteren, brukt i sivil luftfart over heile verda, kjem for ein dag.
Her er det ingen seterader, hattehyller eller serveringsvogn for kaffi og te. Det einaste som kan minne om eit sivilt fly er toalettet, like stort (eller lite) som ein er kjent med, og cockpiten. Og nokre få sto- lar, sett opp med ryggen mot flyretninga.
 














































































   66   67   68   69   70