Page 69 - Forsvarets Forum nr. 4 / 2022
P. 69
ALT BLIR SJEKKA: Den daglege sjekken av flyet startar utandørs. Christian Fiskaa lyser etter skader i flyskroget.
Resten av flyet er fylt opp med noko av det mest avanserte og hemmelege innan overvakingsutstyr som er utvikla. Skjer- mar langs den eine veggen, store skap med elektronikk vidare bakover. Lengst bak er det montert skap for oppbevaring av sonarbøygar – brukt til å søkje etter ubåtar. Flyet kan utrustast med våpen - for å kunne kjempe ned fiendtlege ubåtar.
Bakteppet er alvorleg. Den tryggings- politiske situasjonen i Europa har endra seg drastisk etter Russland sin invasjon av Ukraina 24. februar i år. Tilhøvet mellom Russland og Vesten er på sitt verste sidan
ske styrker tar tilbake okkuperte landom- råde kjem krigens grufulle kvardag fram: Torturkjellarar, valdtekter, avrettingar, tvangsdeportasjonar.
Det russiske parlamentet har, i strid med folkeretten, annektert fire ukrain- ske fylker. Og medan Nato-landa leverer våpen til Ukraina sin rettferdige fridom- skamp, rustar europeiske land opp sine nasjonale forsvar. Her speler Fiskaa og dei andre tilsette i Luftforsvaret ei sen- tral rolle.
har vore med sidan Forsvaret starta å bygge opp nye Evenes – ein forsvarsbase som vil telle 550 tilsette og 300 verne- pliktige når den er ferdig oppbemanna om to år.
– Eg vil seie at flya har ein formidabel innsamlingskapasitet. Både det å samle inn og prosessere dei ulike data som kjem inn, er på eit heilt anna nivå enn dei mas- kinene vi opererer i dag. Dette er typisk ting som følgjer av ny teknologi, seier Holand.
Dei norske maritime overvakingsflya har to hovudoppgåver. Den eine handlar om å ha kontroll over norske havområde og hjelpe i søk og redning eller i miljøopp- syn.
Den andre delen av jobben handlar om å halde seg oppdatert på russiske militære aktivitetar. Og sjølv om dei norske overva- kingsflya skal operere langs heile kysten av Noreg, er det frå Evenes og nordover Forsvaret rettar mesteparten av sine tokt.
Russland har sidan 2000-talet moderni- sert sine maritime kapasitetar. Nye atom- drivne ubåtar vert dei neste åra satt i drift frå basane langs Kola-kysten. For Noreg
«Eg tenkjer sjølvsagt at jobben eg gjer er viktig for trygginga av Noreg»
kald krig. Frå Moskva har det fleire gongar blitt snakka om bruk av atomvåpen. Den brutale russiske krigføringa i Ukraina går inn i sin tiande månad, og etter at ukrain-
Noreg vedtok i 2016 å kjøpe nye over- vakingsfly. I over 50 år har P-3 Orion-flya kontrollert norske havom- råde frå Andøya flystasjon. Til neste år vert desse flya fasa ut og erstatta av P-8A. Når desse er på vengene og klar til teneste, vil dei vere blant den «største forsvarsløynda» i Noreg, seier Kristian Holand, oberstløytnant og nest- kommanderande ved 133 luftving. Han
FORSVARETS FORUM 69