Page 4 - Forsvarets forum 5-2016
P. 4

fotoikonar


        Berømte krigsbilete og deira opphav














































                          Fotografen
                          Toni Frissell
                          1907-1988




        Frissell voks opp i New York i ein velståande
        familie. Ho hadde tidleg interesse for teater, men
        fann raskt ut at dette ikkje var framtida hennar.
        Ho fekk jobb som tekstmedarbeidar i motema-
        gasinet Vogue, men vart sparka for manglande
        språkkunnskapar. På oppmoding byrja ho å foto-
        grafere og fekk raskt oppdrag for Vogue. Bror
        hennar, filmfotografen Varick Frissell, hadde gitt
        henne basiskunnskapar om faget. Seinare hadde
        ho læretida si hos den namngjetne, britiske foto-
        grafen Cecil Beaton.
          Motefotografering for Vogue, Harpers Bazaar
        og Sports Illustrated primært utandørs og på
        «locations» gjorde henne ettertrakta sidan ho                                            Biletet:
        bidrog med ein frisk og ny stil i bransjen.                         Den vesle guten i London var offer for
          Etter kvart gjekk ho lei av moteoppdraga, og                       bombinga til tyskarane i 1945. Etter
        da andre verdskrigen braut ut, søkte ho seg til                     1944 nytta Tyskland stort sett rakett-
        Raudekrossen i USA og vart den faste fotografen                         ane V1 og V2 for å råke storbyar
        deira.                                                                i England. Guten hadde vore ute og
          Som reportasjefotograf reiste ho fleire gonger                      leika, og da han kom heim, var både
        ut til fronten både i Europa og Afrika. Spesielt                         mora, faren og broren drepne.
        dokumenterte ho innsatsen til amerikanske kvin-                         Biletet vart nytta i ei utstilling av
        ner og amerikanske, farga soldatar.                                      firmaet IBM i London mange år
          Etter krigen vigde ho seg spesielt til å doku-                       seinare. Guten på biletet, som nå
        mentere livsvilkåra til kvinner rundt om i verda.                         var vaksen, fekk sjå biletet for
                                                                               første gong da han spaserte forbi
        ARNE FLAATEN desken@fofo.no                                                      kontorlokala til IBM.
      4  OKTOBER 2016
   1   2   3   4   5   6   7   8   9