Page 44 - Forsvarets forum 5-2019
P. 44
aktuelt » Erling Lorentzen
» Opp Votndalen, ein avstikkar frå Hal-
lingdal, og vidare opp mot Leveld, her var det
HYTTA: Erling Lorentzen i døra på hytta der krigshelten Erling Lorentzen, med dekknamnet
han hadde sitt hovudkvarter. FOTO: ERLING EIKLI
«Arnfinn», etablerte den første basen sin i 1944.
Den 1. mai tok han toget frå Bergen og gjekk
av på Ål stasjon. Nokre dagar tidlegare hadde
ubåtjagaren Vigra bringa han og nokre andre
spesialsoldatar frå kompani Linge over Nord-
sjøen frå Shetland til det okkuperte Noreg. Ope-
rasjonen han skulle leie, hadde nesten vorte ein
katastrofe før han starta. Da dei i all løyndom
vart landsette, oppdaga Lorentzen ein tysk
patruljebåt som passerte like ved den staden der
Vigra låg kamuflert. Heilt fram til frigjeringa
skulle Hallingdal vere operasjonsområdet for
den unge motstandsmannen.
Første gong attende. Bilen stoppar framføre ei
lita hytte med fantastisk utsyn. Den 96 år gamle
krigsveteranen nærmast hoppar ut av bilen for
å ta hytta nærmare i augesyn.
– Jo, her er det! Hit kom eg i 1944, for 75 år
sidan!
Det er første gongen han er attende.
– Eg har hytte i Hallingdal, men etter frigje-
ringa har eg aldri vore attende på denne staden.
Ei sterk oppleving, seier ein litt rørt «Arnfinn»
til Forsvarets forum.
– Her i Hallingdal er du nok best kjend som
berre «Arnfinn», slår Tore Bøygard frå Ål kom-
mune fast og inviterer det vesle følgjet inn i
hytta.
– Det er litt annleis her nå enn da eg var her
sist, men eg kjenner meg att. Dette er berre heilt
utruleg, seier Lorentzen.
Heimestyrkane. I solveggen diskar den nye
distriktssjefen for Telemark og Buskerud Hei-
mevernsdistrikt, oberstløytnant Morten Sundal,
opp med kaffi og rundstykke. Alt er duka for ein
unik historietime med HV-personell og spesial-
soldatar som tilhøyrarar.
– Vi freista alltid å skjule oss i det vanlege,
fortel Erling.
– Etter at vi hadde sett beina på norsk jord,
tok vi kystbåten til Bergen. Her fekk vi papira
våre. Noko av det første eg gjorde da eg kom hit,
var å lære meg litt halling. Det å snakke dialekt
gjorde at eg lettare fekk innpass og samstundes
vart litt borte. Det er faktisk ord på Gol som dei
ikkje brukte i Ål. I området eg hadde ansvaret
for, hadde ordet potet sju forskjellige namn.
– Men er jo ein fin måte å få variasjon i kost-
haldet på, repliserer Sundal med ein smil.
– Da eg kom hit, var eg 21 år gamal, held
Erling fram.
– Dekkhistoria mi var at eg var ein student
som hadde rømt unna arbeidsteneste, men
oppdraget var å byggje opp heimestyrkane i
Hallingdal. Noko motstandsarbeid var etablert
før vi kom, men vi skulle organisere, rekrut-
tere og trene heimefronten. Våpeninstruksjon
var eg i gang med før det hadde gått ei veke,
fortel han.
44 OKTOBER 2019