Page 13 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 13

«Donald Trump er ingen krigspresident, og eg er ikkje redd for at han skal finne på å invadere noko land»
» – USA har lenge vore garantisten for demo- krati. Kjempemuskelen i ryggen vår. Men den kan vi ikkje satse fullt ut på framover, seier Anders Giæver, politisk kommentator i VG.
Han meiner mykje tyder på at Donald Trump har framskunda ein del ting som lenge har vore i emning. Som den dalande interessa i USA for Europa og at USA i lengre tid har tatt til orde
for at dei andre medlemslanda i Nato må bidra meir.
Giæver viser til «Pax Americana», omgrep- et om relativ fred på den vestlege halvkula. Røyndomsforståinga som byrjar rundt midten av det 20. hundreåret, der USA syter for makt- balansen. Amerikansk imperialisme, kallar somme dette. At ein æra er over.
– Kina og Russland styrkjer seg. Dette er heilt nye tider for Europa.
Giæver siterer Leonard Cohen, som sa at «You aren’t going to like what comes after America», og peiker på at den geopolitiske situasjonen er i rørsle.
Halvfullt. Amerikanske presidentar kan kome og gå og med dei også interessa for militært nær- vær i Nord-Europa, seier Giæver. Likevel er han ikkje særs engsteleg for tryggleiken til Noreg.
– Same kva vil posisjonen vår på kartet sikre at nokon kjem til unnsetning dersom vi skulle trenge det. Nato er framleis den viktigaste tryggleiksgarantien til Noreg.
– Eg er ein evig optimist, ser alltid glaset som halvfullt.
Han var korrespondent for VG i USA frå 2008 til 2011 og fekk da med seg den første valkamp- en til Barack Obama og presidentperioden hans. Ikkje sidan 1960-åra hadde USA sett ei høgare valdeltaking enn i 2008.
– Ingenting slår det å oppleve kandidatane på nært hald, å vere i den same 24 timars medie- syklusen, utan tidsskilnad, meiner Giæver, som eigentleg skulle ha vore i USA nå – dersom det ikkje var for korona.
VG intensiverer uansett dekninga av presi- dentvalet i USA fram til innbyggjarane går til urnene. 3. november skal dei røyste over om
Donald Trump vert sitjande, eller om demo- kratane sin kandidat Joe Biden, den tidlegare visepresidenten til Obama, skal overta roret seier Giæver.
Prognosane. Giæver tykkjer det er vanskeleg heilt sikkert å spå vinnaren av presidentvalet. – Eg tippa feil da eg ikkje trudde Trump ville bli kandidaten til republikanarane, da eg
seinare trudde han ikkje vil bli president og til slutt da eg trudde han ville vekse med oppgåva.
– Men éin ting taler for at Trump vinn: Det er ikkje vanleg å kaste ein sitjande president.
Dei aller fleste veljarane har nok allereie bestemt seg, trur VG-kommentatoren. Valdelta- kinga plar vere stor i områda med størst Trump- støtte, blant dei Texas og fleirtalet av sørstatane.
Trump har fleire gonger i 2020 skapt over- skrifter, også for sitt forhold til dei militære styrkane til USA. Presidenten truga med å sende føderale styrkar for å handsame opptøyane som oppstod etter politidrapet på George Floyd i mai og har gjort alvor av det i nokre byar. For dette har han fått mykje kritikk frå fleire hald.
– At han tidlegare skal ha omtalt falne ame- rikanske soldatar som «taparar», er eit nytt lågmål som kan falle amerikanarane tungt for brystet. I USA verdset folk flest krigsveteranar veldig høgt.
Trump-veljarane. I 2016 var Giæver med på å lage reportasjeserien «Jakta på Trumps Amerika».
– Vi snakka stort sett med tilhengjarane. Da byrja det å sige inn i meg at han kunne bli president.
Djupnedykket i folkesjela gav innblikk i at veljarmassen er samansett.
– Mange amerikanarar strevar økonomisk og må ha fleire jobbar for å klare seg. Trump har store delar av mellomsjiktet av businessfolk bak seg. I West Virginia, ein stat med lange tradi- sjonar innan gruvedrift, har han sagt at han skal bringe kolet attende.
– Men han er ikkje kandidaten til minorite- tane, og han har dårleg grep om svarte veljarar.
Meksikanske innvandrarar er ikkje fans. Når Trump seier «Let’s make America great again» tolkar somme det nå som at han meiner «Let’s make America white again».
Anders Giæver meiner å sjå nokre lyspunkt, også dersom verda vaknar til at Trump framleis er ved roret i 2021.
– Donald Trump er i alle høve ingen krigspre- sident, og eg er ikkje redd for at han skal finne på å invadere noko land.
Atomkrig-trusselen. Da han blei kalla inn til førstegongsteneste, var Giæver militærnektar og ville heller vere sivilarbeidar.
– Eg var 19 år da Ronald Reagan blei innsett som president i 1981. Eg minnest at eg tenkte at faren for atomkrig var overhengande, og eg var kritisk til militærmakt.
– Så fekk eg ei openberring da Reagan og Gorbatsjov signerte nedrustingsavtalen mellom USA og Sovjetunionen og seinare da Muren fall. Eg fekk auka tru på evna som menneske har til å løyse konfliktar.
Giæver seier han ville valt å gjere teneste i Forsvaret i dag. I fjor gjennomførte han det som kallast sjefskurset på Forsvarets høgskole, del- takarane er såkalla nøkkelpersonell i militær og sivil sektor. Kursa skal gi kunnskap i «forsvars-, utanriks- og tryggleikspolitiske faktorar som påverkar det norske totalforsvaret, og nasjonal samfunnstryggleik og beredskap».
– Ut frå kva sjefar i dei ulike forsvarsgreinene snakka om, fekk eg inntrykk av at overordna tryggleikspolitikk dannar grunnlaget også på avdelingsnivå.
– Av trusselscenario som blei presenterte, er det rart å tenkje på nå at pandemi rangerte høgt.
GRO ANITA FURREVIK gaf@fofo.no FOTO: KRISTER SØRBØ ks@fofo.no
 OKTOBER 2020 13































































   11   12   13   14   15