Page 50 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 50

aktuelt » Forsvarets spesialkommando
 MARITIMT: Spesialsoldatar på trening i maritimt miljø. Verksemda på oljesokkelen var en viktig grunn for at FSK vart grunnlagt.
» tre år etter å ha fullført kontrakten. Dette skal vere ein tryggleik for ungdomar som brukar dei beste åra sine i denne krevjande tenesta.
FSK-veteranen. Ei undersøking syner at yrkes- soldatane har gode jobbsjansar. Dei blir både flygarar, ingeniørar, journalistar, legar, lærarar, siviløkonomar, advokatar, politimenn og bøn- der. Ein av ti blir yrkesoffiser.
Ein einaste spesialjeger står fram med namn og andlet. Det er Bjørn Bjørnø (64). Pensjonisten, som ikkje klarar å halde seg unna FSK, vert lønt på timebasis og tykkjer det er greitt med offent- legheit for hans del.
– Men det er særdeles viktig at vi ikkje bren- ner ut andleta til jegerane, understrekar vetera- nen, som har passert 3000 fallskjermhopp.
Froskemann. Frå 1982 har Bjørnø hatt det maritime treningssenteret til Hærens jegerkom- mando ved Oslofjorden som fast arbeidsplass.
I FSK har han hatt ansvar for den maritime delen med dykking og båtkøyring.
– Eg byrja som froskemann allereie i 1954, så det er blitt nokre år under vatn, vedgår Bjørnø, i miljøet best kjend som «Bravo Bravo». I tillegg
har han vore den faste fotografen til avdelinga og foreviga halsbrekkande operasjonar til lands og til vatns.
– Eg har stor respekt for gutane her. Det krev enormt med trening å utføre det dei gjer, seier veteranen som stortrivst med unge folk, og som ikkje ser lykka i å hamne i ein gyngestol med beina på bordet.
Forsikring. FSK-sjef Karl Egil Hanevik får spørsmålet:
– Kvifor bruke så store ressursar på ei avdeling som ikkje har deltatt i ein einaste antiterroraksjon på 17 år?
– Kvifor skal du ha branntrygding på huset ditt som ikkje har brunne på femti år? Når det brenn, er det for seint å teikne forsikring. Ein oljenasjon som Noreg har ikkje råd til ikkje å ha ein beredskap.
ERLING OMVIK
FOTO: TORBJØRN KJOSVOLD
 Forsvarets forum jubilerer!
For 75 år siden ble den første utgaven av Mannskapsavisa publisert.
I 1980 ble Mannskapsavisa etter- fulgt av Forsvarets forum.
I jubileumsåret 2020 vil vi i hver utgave av F – Forsvarets forum
publisere en artikkel med bakgrunn
i historien til Mannskapsavisa/ Forsvarets forum. Teksten er skrevet av Erling Omvik, som også er forfatter av en jubileumsbok som utkommer neste år.
 50 OKTOBER 2020 forsvaretsforum.no












































































   48   49   50   51   52