Page 49 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 49

 – Spesialstyrkane i Forsvarets spesialkom- mando (FSK) vert utdanna til å nedkjempe terrorhandlingar, heiter det i ingressen til eit dramatisk bilete der ein spesialjeger rappellerer ved ein oljeinstallasjon høgt over eit frodande hav.
– På grunn av faren for tryggleiken til den einskilde og familiane deira blir derfor andlet og namn framleis haldne unna offentlegheita, skriv vernepliktig Forum-journalist Tore Gjerstad, som seinare har vore medarbeidar i Dagbladet og Dagens Næringsliv.
Mytar. I 1999 publiserte Forsvarets forum ein reportasje som vekkjer oppsikt i Medie-Noreg. På leiarplass rosar sjefredaktør Tor Eigil Stor- dahl forsvarsleiinga for openheita. Han meiner at hemmeleghald så langt har bidratt til å skape mytar og tvilsame utsegner.
– Fordi dette er første gongen FSK vert pre- sentert så ope i tekst og bilete, har vi brukt rikeleg med plass for å få fram korrekte opplys- ningar i ei nøktern språkdrakt, skriv Stordahl.
Reportasjen fortel om klatring i oljeplatt- former over skummande bølgjer meir enn 30 meter over havoverflata. Dei stormar kapra
fly, tog og bussar. Også store passasjerbåtar får besøk i tidlege morgontimar. På Rena sprengjer jegerane seg gjennom vindauge og trenar på reelle gisselsituasjonar med skarp ammunisjon.
Låg profil. Sjølv om Forsvaret nå for første gong går ut med informasjon om Spesialkomman-
doen, understrekar oberstløytnant Karl Egil Hanevik at ein del opplysningar må haldast hemmelege av omsyn til tryggleiken.
– I tillegg kan vi ikkje gå ut med taktiske opplegg og detaljar i treninga vår, held sjefen for FSK fram.
Forsvarets forum får lov til å snakke med spesialjegerane så lenge ein ikkje avslørar identiteten deira. Oberstløytnant Hanevik vil helst halde ein så låg profil som mogleg. Men for å unngå det han kallar spekulative oppslag i pressa, ser han også positivt på å avmystifisere verksemda.
– Det har vore enkelte spekulative medieopp- slag som har vore uheldige for oss, seier han og legg til at han har sett ei rekkje usanne opplys- ningar på internett.
På 1970-talet ble den vestlige verda utsett for ein aukande terrortrussel. I Noreg var ein av grunnane for å etablere FSK den stadig aukande verksemda på oljesokkelen.
– Ein innsåg at politiet aleine ikkje ville ha kapasitet til operasjonar ved sabotasje, forklarar Hanevik.
Hjelpe politiet. FSK har vore i aktivitet sidan 1984 og er underlagt Hærens jegerkommando på Rena. Dei mange oljeinstallasjonane i Noreg og ilandføringsanlegg for gass og fartøy til havs har for tida topp prioritet. I tillegg skal avde- linga hjelpe politiet i ulike situasjonar til lands.
– Til nå har vi ikkje blitt sette inn i skarpe antiterroroppdrag. Bank i bordet, seier Hanevik.
Ved flykapringar i Noreg har FSK vore alarmert, men situasjonane har vore over på kort tid.
Høgt nivå. Spesialstyrken er organisert i ei kommandogruppe, ein innsatsstyrke og ein sanitetsstyrke. Vidare detaljar om struktur er hemmelegstempla. Det same gjeld talet på personar som er knytte til avdelinga.
Forsvarssjef Sigurd Frisvold er svær godt nøgd med kvaliteten på Forsvarets spesialkommando.
– Eg har sett dei i aksjon på store og mindre øvingar, og dei held eit høgt nivå på line med tilsvarande styrkar utanlands. Spesialstyrkar er ein veldig viktig militær kapasitet å ha både i nåtid og framtid, seier generalen.
Krevjande teneste. FSK er ei av dei fire såkalla førsteprioritetsavdelingane i Hæren. Dei andre er Garden, Garnisonen i Sør-Varanger og Tele- mark bataljon. Da spesialstyrkane blei oppretta, låg Hærens jegerskole på Trandum. I 1997 var det flytting til den nye leiren på Rena.
Nytt av året er at jegerane får tilbod om kontraktar på sju år. Tidlegare var det tre år.
Hanevik slår fast at den nye ordninga er betre for systemet og betre for kvar einskild.
TERROR: På 1970-talet ble den vestlige verda utsett for ein aukande terrortrussel. Det var ein av grunnane for å etablere FSK. Her frå trening på Rena.
– Jegerane blir verkelege fagfolk, og vi får meir igjen for investeringane i dei. FSK opplever dessutan aukande konkurranse om arbeids- krafta i ei tid med låg arbeidsløyse, seier Hanevik og peikar på at jege-
rane får lønn i
»»» OKTOBER 2020 49









































































   47   48   49   50   51