Page 82 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 82

aktuelt » humanitær luftbru
 FLYKTNINGAR: Albanske flyktningar i eit transportfly frå Luftforsvaret. FOTO: FORSVARET
» Det er tidleg i 1999 og verda er vitne til at tid- legare Jugoslavia går i oppløysing.
I Kosovo har dei etniske spenningane ført til at grannar nå fryktar kvarandre. Frå 24. mars går 400 kampfly til åtak, av desse seks norske F-16, mot ei rekkje mål i Kosovo, i hovudstaden i Serbia, Beograd, i tillegg til andre byar i Jugoslavia og i Montenegro. Natos Operation Allied Force varar i 78 dagar. Åtaka skulle rettast mot serbiske militæranlegg, men råkar også sivile, blant anna ein flyktningkolonne.
Flyktningstraum. Serbiske styrkar svarar med
å intensivere åtak mot sivile kosovoalbanarar. Hus vert sette i brann, og seinare skal det avdek-
kast massegraver. Desperate familiar forlèt heimane sine, pakkar nokre få eigedelar som dei tar med seg på flukta. Over ein million menneske blir drivne på flukt til nabolanda. Etter ein serbisk offensiv sør i Kosovo i slutten av februar aukar flyktningstraumen til Make- donia ytterlegare. Det er her luftbruene til Nato kjem til unnsetning med norske Hercules transportfly.
Effektivt. Jens Bolstad er heilt fersk utsjekka flygar da han i april 1999 er med på ei av dei tre luftbruene med Hercules som Luftforsvaret gjennomfører. Trass i spent atmosfære på Balkan er besetninga førebudd.
– Eg hugsar stemninga som heilt udramatisk da vi gjorde oss klare i forkant. Skvadronen hadde vore med på liknande før.
– Luftforsvaret har bidratt til humanitære operasjonar sidan «tidenes morgon», påpeiker Bolstad og nemner luftbruene mellom Ancona og Sarajevo i 1993 og 1994. Mellom 1995 og 1997 bidrog dei norske Herculesane med troppeflyttingar og frakta forsyningar frå Rimini til Sarajevo, Split og Zagreb.
Han omtalar detasjementet han var del av som relativt lite samanlikna med oppdrag dei seinare åra der elementa frå Luftforsvaret har vore større og meir komplekse.
– Vi styrte i stor grad ting ganske effektivt og greitt sjølve.
82 OKTOBER 2020 forsvaretsforum.no






















































































   80   81   82   83   84