Page 83 - Forsvarets Forum nr. 5 / 2020
P. 83

  Nødhjelp. Sjølv sit annanflygar Jens Bolstad i cockpit saman med fartøysjefen mens resten
av besetninga syter for å lose passasjerane inn. Flyktningar i alle aldrar, frå spedbarn til beste- foreldre. C-130-flyet har femti sitjeplassar i laste- rommet (seinare har Luftforsvaret tatt i bruk ein ny Hercules-modell, journ.anm). I tillegg er aluminiumsgolvet dekt av teppe og soveposar for flyktningane. Nær hundre menneske i kvar transport frå flyplassen i Skopje, Makedonia, like ved grensa til Kosovo. I Pisa, Italia, står eit sivilt Braathens Boeing 737-fly klart til å bringe flyktningane trygt til Noreg.
– Øktene våre var tre dagar med flyging og så ein dags pause imellom, seier Bolstad.
Den norske Hercules-besetninga bur i ein italiensk landsby i denne perioden. Totalt frak- tar 335-skvadronen rundt 100 tonn nødhjelp og 1135 flyktningar mellom Pisa og Skopje.
Meiningsfullt. Bolstad, som framleis jobbar
som flygar, er ein av få på 335-skvadronen som var med på Luftforsvaret sitt bidrag for å redde kvinner, menn og barn ut av den krigsherja regi- onen. I tillegg er Vebjørn Lia, lastemeister, fram- leis på skvadronen. Ein av dei andre som var med, Jon Andresen, er framleis på Gardermoen og leverer transportlogistikk i FLO.
Noreg bidrog med støvlar på bakken i Kosovo Force (KFOR), hovudsakleg gjennom Telemark
bataljon, frå 1999. Men før dette var altså Herculesen, «Luftas arbeidshest», på vengene ei rekkje gonger, i tre intensive, humanitære oppdrag.
– Dei seinare åra har vi ikkje deltatt på tilsvarande type humanitære oppdrag, seier Hercules-pilot Jens Bolstad.
– Det er noko eg saknar.
PS: I høst avsluttet Norge sitt militære bidrag i KFOR, da den siste offiseren reiste hjem.
GRO ANITA FURREVIK gaf@fofo.no FOTO: KRISTER SØRBØ ks@fofo.no
PILOT: Jens Bolstad saknar humanitære opp- drag, som evakuering av flyktningar frå Kosovo. FOTO: KRISTER SØRBØ
«Eg hugsar stemninga som heilt udramatisk da vi gjorde oss klare i forkant. Skvadronen hadde vore
med på liknande før»
JENS BOLSTAD
 OKTOBER 2020 83


















































































   81   82   83   84   85