Page 10 - Forsvarets forum 1-2020
P. 10

forsvaret&eg  »  Thor Gotaas



















      »  – Eg har ikkje noko imot militæret som
        institusjon og synest det er bra det eksisterer.
        Men personleg er eg pasifist og vil ikkje bruke
        våpen eller underkaste meg den militære dis-
        iplinen. Eg hadde sannsynlegvis valt fengsel
        framføre Forsvaret, seier Thor Gotaas.
          På Korsvoll i Oslo sit folkeminnegranskaren
        og forfattaren på huk framføre omnen. Kalen-
        deren viser januar, men Gotaas har framleis på
        seg shorts etter ein frisk springmarsj i skogen.
        Nå freistar han å få fyr på nokre vedkubbar.
          – Eg blei kalla inn til militæret i 1985 og var
        fast bestemt på å søkje om sivilteneste. Dette var
        midt under den kalde krigen og samfunnet var
        prega av spenninga mellom aust og vest.
          På Brumunddal blei Gotaas kalla inn til inter-
        vju hos lensmannen for å forklare standpunktet
        sitt. Kva gjer du dersom ein russar går til åtak på
        deg med våpen, spurde lensmannen.
          – Det er eit hypotetisk spørsmål, svarte eg og
        fekk innvilga sivilteneste.

        Sivilteneste. Gotaas står bak ei rekkje populære
        bøker om alt frå utedoar og landstrykarar til
        norske idrettsheltar – framfor alt innan lang-
        renn. Passande nok fekk han jobbe på Skimu-
        seet i Holmenkollen framfor å gjere teneste i
        uniform.
          – Eg stortreivst på Skimuseet, men løna var
        ikkje mykje å skryte av. Eg fekk 114 kroner
        dagen. Det skulle dekkje alle kostnader inklu-
        dert mat og reiseutgifter. I militæret var det nok
        enklare å få hjula til å gå rundt, fortel han.
          Han hadde fleire kompisar som gjekk befals-
        og krigsskolen. Men på sesjonen møtte han også
        fleire som freista å sleppe unna militærtenesta.
          – Eg sat og prata med ein kar, så kom militær-    Thor Gotaas
        legen og brått var han dauvhøyrd, fortel Gotaas.     54 år.
          Ein annan gjekk på fylla ei veke i forkant for     Sambuar.
        å sjå mest mogleg sliten og herja ut.          Forfattar og foredragshaldar.
          – I dag er det nok snudd på hovudet. Det er     Aktuell med bøkene «Norske utedoer»
        bra at ein får soldatar som er motiverte og ver-  og «To kulestøtere fra Finnmark»
        keleg vil inn.

        Skisoldatar. I fjor haust publiserte Gotaas tre
        nye bøker. Og på harddisken ligg mellom 20 og   forhold til skiidrett og særleg langrenn. Sjølv   aksjonen, til dømes. Den kunne ikkje ha vore
        30 meir eller mindre ferdigskrivne bokmanus.   har Gotaas gått Birkebeinerrennet 23 gonger.   gjennomført utan dyktige skiløparar.
        I tillegg er han ein populær foredragshaldar.   Historisk sett har skigåing vore ein viktig   Eg snakka mykje med Claus Helberg som vanka
        Gotaas viser fram ein godt sliten kalender tett-  dugleik for norske soldatar. Allereie frå 1700-  på Skimuseet da eg var sivilarbeidar.
        pakka med avtaler.                     talet finst det eit militært skiløparreglement.    Under krigen ble 45 norske skifabrikkar
          – Eg har lappen, men eig ikkje bil. For nokre   Og under krigen mot Sverige i 1808 blei det   tvinga til å produsere ski til den tyske
        år sidan fann eg ut at dersom eg skal få tid til   mobilisert fleire skiløparbataljonar.   krigsmakta. Desse blei brukte av soldatar som
        alt, må eg også jobbe jamvel mens eg reiser. Når                             gjorde teneste på austfronten. Men arbeidarane
        andre sit med nasen i mobilen på toget, så sit eg   Sabotasje. – Blant soldatane finn vi ein av for-  gjennomførte sabotasje slik at skiene knakk
        og skriv.                              fedrane til Therese Johaug. Eg kunne ha skrive   lettare.
          Forfattarskapen ber preg av eit lidenskapeleg   ei heil bok om militær skigåing. Ta tungtvass-  – Dette gjorde dei ved å lage bindingsholet
     10  FEBRUAR 2020
   5   6   7   8   9   10   11   12   13   14   15