Page 16 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 16

 3D-PRINTING
    Fregattar kan produsere eigne reservedelar, og soldatar kan lage våpendelar i felt.
TEKST: SVEIN ARSTAD FOTO: KRISTER SØRBØ
Vi har fleire gonger demonstrert kor- leis denne teknologien kan brukast av Forsvaret. Under øvinga Flotex i 2016 hadde vi med fleire printarar om bord på eit kystvaktfartøy. Vi hadde også eit samarbeid med Forsvarets spesial-
styrkar under øvinga Cold Response same året. Vi tok med 3D-printarar i ein konteinar og pro- duserte utstyr i felt, fortel Jan Rune Nilssen ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).
– Kva slags utstyr laga de?
– Alt frå dykkarutstyr og antennefeste til våpenmagasin. Vi laga også eit vertikalgrep til ein MP7-maskinpistol som var tilpassa handa
til ein av operatørane. Det er krevjande å jobbe med spesialstyrkemiljøet, for dei veit akkurat kva dei vil ha. For oss er det ein god match, fordi dei utfordrar oss, seier Nilssen.
TEKNOLOGISKE TRENDAR. Han er del av miljøet ved FFI som jobbar med produksjonsmetoden som kallast additiv tilverking – betre kjend som 3D-printing. FFI gav tidlegare i år ut rap- porten «Teknologiske trender: Muligheter og utfordringer for fremtidens forsvar». Der vert 3D-printing trekt fram som ein teknologi som vil bli viktig for Forsvaret i åra frametter.
– Dette har ei heilt klar moglegheit til å
16 FORSVARETS FORUM
REVOLUSJONEN























































































   14   15   16   17   18