Page 18 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 18

 18
revolusjonere delar av logistikken i For- svaret. Ein vil ha moglegheit til å produ- sere delar ute i felt. Men 3D-printing er også ein produksjonsmåte som gjer det mogleg å framstille betre, lettare og ster- kare produkt med ein ny funksjonalitet, fortel Bendik Sagsveen ved FFI.
Han er forskingsleiar ved avdelinga som kallast «produktutvikling, test og verifikasjon». Sagsveen trur at når For- svarsmateriell skal skaffe utstyr i fram- tida, så kjem det også til å inkludere delar som er produserte med 3D-printing.
– Da må vi kjenne teknologien for å stille dei rette krava og forstå korleis dette fungerer.
TRE FASAR. På Kjeller jobbar dei med å finne ut korleis 3D-printing kan brukast i framtidige militæroperasjonar. Bendik Sagsveen seier at dei har delt arbeidet inn i tre fasar. Litt forenkla handlar det om å demonstrere, byggje tillit til teknologien og til slutt innføre han i Forsvaret.
– Vi er langt på veg ferdige med første fase. Vi har blant anna vore ute på mili- tærøvingar for å syne fram potensialet og moglegheita for å produsere ting i
felt, blant anna under Cold Response og Trident Juncture.
– Nå er vi inne i fase to der vi freistar å gjere 3D-printing til ein godkjend pro- duksjonsprosess. Det handlar om kvali- tetssikring, simuleringar og å setje felles standardar for kvaliteten på produkta. Siste fase er implementering i Forsvaret, seier Sagsveen.
BOMBEFLY. I likskap med i det norske Forsvaret er dette ein teknologi som det vert satsa mykje på internasjonalt. I USA har ein laga alt frå delar til stridskjøretøy til vernemasker i plast. Det amerikanske marinekorpset (USMC) har også brukt teknologien for å konstruere ei betong- brakke på under to døgn. Nyleg blei ein 3D-printa del montert i jetmotoren til eit amerikansk B-52 bombefly frå 60-talet.
– Noko utstyr er så gamalt at leve- randøren ikkje lenger kan tilby reserve- delar, til dømes til eldre kjøretøy. Da kan 3D-printing vere ei løysing, fortel Bendik Sagsveen.
LASER. På FFI har dei også skaffa seg ein metallprintar som kan produsere delar som toler høgare belastningar enn kom-
ponentar laga av plastmateriale. Ein stor, grå metallboks med eit lite vindauge som gjer det mogleg å følgje med på prosessen. Via ei trakt på toppen tilfører ein metall- pulveret som er produksjonsmaterialet. Pulveret vert lagt lagvis før ein laserstråle smeltar det. Dette kan sjåast som gneistar gjennom det vetle vindauget. Slik vert nye komponentar bygde frå botnen av.
– Med denne teknologien kan ein lage produkt med nye eigenskapar, som ikkje er mogleg å få til med andre produksjons- metodar. Det opnar nye moglegheiter for oss som konstruktørar, seier Jan Rune Nilssen.
RASKARE OG BILLIGARE. Han syner fram eit deksel som høyrer til navigasjonsei- ninga til ein drone som har blitt brukt til forsking. Det er laga i eit robust, men lett materiale som er behandla med ein «coating» som skal blokkere for signal som kan skape forstyrringar for elektro- nikken om bord.
– 3D-printing gjer det mogleg å produ- sere komponentar raskare og billigare. Vi kan starte printaren før vi går heim, og neste morgon er delen ferdig. Med andre produksjonsmetodar kan dette ta ei veke.
  ULIKE MATERIALE: 3D-printerar kan produsere delar i ulike materiale. Alt frå plast (t.v.) til metall, som denne printeren frå FFI (t.h.).
NYHET | 3D-PRINTING


















































































   16   17   18   19   20