Page 19 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 19

  DETTE ER 3D-PRINTING
1: Ein skannar eller lastar opp digital informasjon om objektet som skal produserast. Dette vert overført til ein 3D-printar.
2: Objektet vert bygd opp lagvis. 3D-printaren kan produsere i ei rekkje ulike materiale, som plast, kompositt og metall.
3: Det ferdige produktet vert tatt ut av printaren, og overflødig materiale vert fjerna.
        I dette tilfellet snakkar vi nok 50 000- 100 000 kroner spart, seier Nilssen.
– Vekta på denne delen er meir enn halvert, noko som gjer at ein anten kan plassere meir utstyr eller få auka flytid med dronen. Det er eit godt døme på moglegheitene som ligg i teknologien, skyt Bendik Sagsveen inn.
KOMPETANSE. Det er fleire ulike initiativ og miljø i Forsvaret som driv med 3D-prin- ting. FFI skal fungere som eit kompetan- sesenter med eit overordna ansvar og føre dialogen med resten av forsvarssektoren.
–Deterbraateinfåroppaugafor potensialet til denne teknologien. Vi skal ha den djupe forståinga og spisskompe- tansen på maskinane, testutstyret og analyseverktøya, mens behova er ute i Forsvaret, seier Sagsveen.
FREGATT. – Dette kan bli eit paradigme- skifte. På sikt er det ikkje utenkjeleg at ein fregatt sjølv kan produsere delar om bord utan å måtte gå til land, seier Tom Thorvaldsen.
Han forskar på forsvarssystem og job- bar mykje med materialteknologi. Han er også representant for Forsvaret i ei Nato- gruppe som koordinerer arbeidet med 3D-printing.
– Ta operasjonen i Afghanistan som eit døme. Ein nasjon kan ta med seg ei kon-
teinarløysing der allierte land kan sende over filer og få produsert det dei treng. Men for å kunne gjere dette krev det ei standardisering innetter i Nato, seier han.
Ved å bruke mobile einingar kan ein redusere behovet for transport.
– Vi må også tenkje potensialet i ein krig og krisesituasjon. Skjer det noko i Tromsø, er det betre å få laga ting på sta- den enn å sende ein trailer med reserve- delar frå Sør-Noreg.
«SCIENCE-FICTION». Thorvaldsen under- strekar likevel at all ny teknologi må gjennom ein modningsprosess. Det står att mykje arbeid med å tilpasse logis- tikk-kjeda til ein ny produksjonsmetode.
– Vi må dokumentere at dette er ein teknologi som fungerer før det kan fasast inn i Forsvaret. Teknologien vert nok framleis opplevd litt som «scien- ce-fiction» i enkelte miljø, seier han.
Under demonstrasjonane ute i felt fekk fleire offiserar kome inn i konteinaren med 3D-printarane for å sjå korleis det fungerer. Fleire fekk seg ei «aha-opple- ving», ifølgje Thorvaldsen.
– Mykje handlar om bevisstgjering om kva som er mogleg, og kor langt vi har kome. Det vil nok føre til enda større interesse i Forsvaret.
sa@fofo.no
NYE MOGLEGHEITER: 3D-printing gjer det mogleg å framstille betre, lettare og sterkare produkt med ny funksjonalitet, seier Bendik Sagsveen ved FFI.
 FORSVARETS FORUM 19














































































   17   18   19   20   21