Page 20 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 20

 20
  PRINTAR
VÅPEN-
TRUGER
Ei fruktkasse og eit mas- kingevær gav løytnant Eirik Wibe ideen til å utvikle eit nytt produkt.
TEKST: SVEIN ARSTAD FOTO: KRISTER SØRBØ
et lette maskingeværet «Minimi» er eit fantas- tisk våpen. Men vi har nokre utfordringar etter- som tofoten på våpenet går rett gjennom snøen. Noreg skal vere best på
vinterkrigføring. Vi tar imot allierte og skal lære dei å operere i eit arktisk klima. Men vi manglar likevel ei løysing som gjer at maskingeværa fungerer optimalt vinterstid.
– Eg tenkte at det skal eg freiste å gjere noko med, seier løytnant Eirik Wibe.
FRUKTKASSE. Han jobbar i Garden, men brukte «Minimi» første gongen i 2013 – 2014 da han gjorde teneste i storme- skadron 4 i Panserbataljonen. Nokre år tidlegare hadde Forsvaret kjøpt inn 1500 lette maskingevær.
– Det var eit fantastisk våpen, men vi hadde utfordringar på snø. For å løyse problemet knekte soldatane av endane på fruktkasser i plast og stripsa dei fast på tofoten, seier han.
Det fungerte på eit vis, men noka opti- mal løysing var det ikkje. Det er trongt om plassen når soldatane sit bak i stridsrom- met på ein CV90. Situasjonen blei ikkje betre når «fruktkasse-trugen» var montert på våpenet.
– Det er lite fleksibelt og skaper ein del praktiske utfordringar, til dømes når ein skal laste ut soldatar, forklarar Wibe.
TRUGE: Løytnant Eirik Wibe har laga ei 3D-printa truge til maskingevær. – Skal vi vere best på vinterkrigføring, må vi også utnytte moglegheitene som ligg i ny teknologi, seier han.
    NYHET | 3D-PRINTING
FOTO: FORSVARET



















































































   18   19   20   21   22