Page 79 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2021
P. 79
REINSDYRSOLDATANE
Russland har utvikla høgteknologisk materiell spesielt tilpassa bruk i Arktis. Men eitt framkomstmiddel går aldri av moten – reinsdyrsleden.
TEKST: SVEIN ARSTAD
Det russiske forsvaret har auka satsinga på nordområda. Dei etablerer og utvi- dar basar og har dei siste åra utvikla materiell spesielt tilpassa bruk i ark- tiske område, som nye snøscooterar og terrengkøyretøy. Men noko av utstyret
kan til samanlikning synast å vere antikvarisk. Russiske soldatar i Nordflåten brukar nemleg framleis reinsdyr for transport av personell og forsyningar.
ARKTISK BRIGADE. Det finst gode grunnar til akkurat det, meiner den russiske forsvarsek- sperten Ivan Konovalov.
– Den største fordelen med reinsdyr er at dei tar seg fram i alle typar terreng. Med pansra køyretøy kan ein ikkje kome fram på same måten. Denne metoden er effektiv for mindre, taktiske militære einingar, seier Konolov i eit intervju med NRK.
Andre fordelar er at reinsdyra krev lite i form av etterforsyningar, og dei kan ofte finne sin eigen mat i operasjonsområdet. Dei er også i stand til å tilbakeleggje store distansar og gjer det enklare å operere i det skjulte.
I 2015 oppretta det russiske forsvaret ein arktisk brigade som er spesielt utrusta og trent for vinterkrigføring. Fleire av avdelingane som er med i brigaden, er stasjonert like ved grensa mot Noreg og trener jamleg på transport med reinsdyr. Det er det lange tradisjonar for i det russiske forsvaret.
ANDRE VERDSKRIGEN. – Under den store patriotiske krigen (andre verdskrigen, red. mrk.) blei reinsdyr bruka til å evakuere såra, transportere militære forsyningar og til å sende speidarar bak linjene til fienden. Reinsdyr blei også bruka til å hente ut havarerte fly og mann- skap, skriv det russiske forsvarsdepartementet på nettsidene sine.
Til saman over 10 000 dyr blei mobiliserte i åra 1941 – 1945 saman med samiske reindrifts- utøvarar. Forutan til transport blei reinsdyr
også nytta ved offensive operasjonar som under eit åtak på ein tysk flyplass nær lands- byen Alakurtti i Murmansk-regionen. I desem- ber 2020 blei det avduka eit monument for å heidre krigsinnsatsen til reinsdyrsoldatane frå urfolket. Minnesmerket viser ein soldat og ein skiløpar på sokkel saman med tre reinsdyr og ein husky.
TREKKHUNDAR. I Nordflåten vert også hun- despann nytta til transport av soldatar og utstyr. Det gir mobilitet i ulendt terreng, over frosne innsjøar og i skog der motoriserte køy- retøy vanskeleg tar seg fram. I Alaska nytta amerikanske avdelingar trekkhundar fram til 60-talet. Og i det danske forsvaret vert fram- leis hundesledar bruka av Sirius-patruljen som patruljerer og driv med suverenitetshevding i Nordaust-Grønland.
Men i Noreg er det ingen planar om å bruke trekkdyr i militære operasjonar, ifølgje Jonny Karlsen, kommunikasjonsspesialist i Heime- vernet
– Vi har ikkje tenkt å bruke korkje reinsdyr eller hundar til transport, fordi vi manglar både kunnskap og ressursar til dette, opplyser han til NRK.
MASKINGEVÆR-PULK. Fleire Nato-land utvi- klar utstyr som er spesielt tiltenkte operasjonar i Arktis. Like før jul melde det nederlandske mari- nekorpset at dei har skaffa seg fire typar pulkar som blant anna skal nyttast på øvingar i Noreg. Ein av pulkane er spesielt tilpassa for å bli bruka som våpenplattform for eit maskingevær. Han skal dragast av soldatane sjølve, som også har tilgang på snøscooterar.
Dermed er det russiske forsvaret førebels aleine om å bruke reinsdyr til militær trans- port. Med tanke på oppbygginga i nordområda er det ingen grunn til å tru at dei kjem til å pensjonere trekkdyra med det første.
sa@fofo.no
FORSVARETS FORUM 79