Page 67 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 67

 er dette kanskje noko eg burde freiste?» tenkte ho. Og sånn vart det. Etter første- gongstenesta forlét ho Forsvaret og byrja å studere økonomi ved Oslo Met. Fram- leis såg ho ikkje for seg nokon karriere i Forsvaret.
Men så møtte ho Petter.
Dei møttest på Tinder i januar 2017. Petter Lillehagen (32) var kadett på Krigs- skolen og skulle ta plikttenesta si på Skjold i Indre Troms kommande haust. Ho skulle bu dei neste åra i Oslo, og det låg ikkje til rette for noko meir enn ein flørt mellom de to.
– Vi skulle eigentleg berre ha det gøy og henge litt, men så gjekk det veldig snøgt. Eg flytta inn hos han i mai det same året, ler ho.
– Det var vanskeleg å bu så langt unna kvarandre da vi var nyforelska og berre ville vere saman heile tida.
Bergh flytta derfor studia sine til Tromsø for å kunne pendle mellom Tromsø og Skjold.
– Det er ekte kjærleik, smiler ho.
Mens ho fullførte økonomistudia, kjente Bergh at hun sakne samhaldet som ho opplevde under førstegongstene- sta. Og sånn blei det til at ho etter enda sivil utdanning drog til Skjold for å byrje å jobbe i ingeniørbataljonen der. Starten på ein karriere i Forsvaret var i gang.
Ho skildrar tilværet på Skjold som å vere i ei boble.
– Stammespråket, kulturen, alle mog- legheitene og opplevingane du får. Eg
kan ikkje sjå for meg at du får det nokon annan plass, seier ho.
Ho trekker fram det å møte og bli kjent med folk frå heile landet. Dersom bilen hennar ryk på Sunndalsøra, da veit ho at ho kjenner nokon der.
– Og eg kjenner nokon i Finnmark, eg kjenner nokon Trondheim. Eg kjenner nokon i heile landet. Sosialiseringa er heilt unik, og så har du ein natur som du ikkje får oppleve nokon annan plass. Ja, det er tøffe tak når det er 28 minus og du skal til Sibo-landsbyen med fjerde linje og det er mørkt og ... ja.. Men samtidig så får ikkje venninnene mine oppleve noko av det same. Du byggjer ein røynslebank som er heilt unik.
Bergh trur at dersom du ikkje har
 PÅ TUR: Amanda med hunden Ibsen, som ho og ektemannen kjøpte i løpet av det første året dei var saman.
FORSVARETS FORUM 67



















































































   65   66   67   68   69