Page 66 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 66

PORTRETTET
AMANDA BERGH
  TRENAR: Bergh prøver å få inn ei god treningsøkt så ofte ho kan. Ho vil vera i såpass god form at ho kan takka ja til ein maraton viss ho blir spurd.
g har vore veldig tett
på.
Amanda Bergh
(28) sit i sofaen på kontoret sitt på Huseby leir i Oslo. Ho snakkar om den massive opprullinga av mangelfull hand- saming av varslings- saker i Forsvaret det siste året.
– Eg skulle ønskje at organisasjonen eg er glad i, slapp å gå gjennom ein offent- leg skittentøyvask,
og eg synest det er synd at det er det som må til, seier ho.
Det er berre nokre få veker sidan Bergh gjekk inn i stillinga som seksjonssjef HR i Hans Majestet Kongens Garde, men ho har sidan i fjor sommar vore leiar i Militært kvinneleg nettverk og vore tett på fleire av sakene.
– Noko av det eg synest har vore mest utriveleg, er at vi har sett at konse- kvensane som har blitt utmålte, har vore ulike ut frå kva for personellkategori du er i. Ein ung sersjant vil møte større kon- sekvensar enn ein oberstløytnant som gjer det same.
– Ville du ha vore skeptisk til å sende den 19 år gamle dottera di til Forsvaret?
– Slett ikkje. Eg ville ha motivert dot- tera mi til å gjere teneste i Forsvaret.
Det var på ingen måte gitt at ho sjølv skulle hamne her. Da Bergh blei kalla inn på sesjon som 18-åring, var det inga verneplikt for kvinner i For- svaret. Ingen i omgangskrinsen hennar hadde tatt førstegongstenesta, og ho hadde sjølv heller ingen planar om det. Så blei ho kalla inn på sesjon.
– Eg skjønte eigentleg ikkje kvifor eg blei kalla inn. Så blei eg sitjande på vente- rommet saman med ei som ville gå befals- skolen, men som ikkje kom inn fordi ho hadde sjømat-allergi. Ho var heilt knust, fortel Bergh.
«Dersom det tyder så mykje for nokon,
 66
 

















































































   64   65   66   67   68