Page 68 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 68

PORTRETTET
AMANDA BERGH
tenestegjort i nord, da har du gått glipp av noko.
– Eg ville aldri ha vore dei erfaringane forutan, seier ho.
Sjølv har ho aldri under tida si i For- svaret hatt opplevingar med å bli diskri- minert eller trakassert.
– Eg har sett, høyrt om og kjenner folk som har trakassert eller har blitt trakas- serte. Eg meiner det er ein ukultur, seier ho.
I fjor skreiv ho fleire tilrådingar til for- svarssjefen om kva ho meinte var riktige grep å ta for å få bukt med ukulturen. Blant anna rådde ho til at det beinveges blei sett inn tiltak for å implementere varslingshandsaming i undervisninga ved alle skolane underlagdet Forsvarets høgskole.
– Alle punkta eg tilrådde, blir sette i verk, og eg synest også at forsvarsleiinga møter desse utfordringane med respekt, seier ho.
– Det kjem til å skje store system- endringar som vil gjere dette annleis for dei som varslar.
I jobben sin nå er Bergh den nærmaste rådgjevaren til gardesjefen innanfor alt av HR-spørsmål. Ho har også forvaltnings- ansvar for åtte hundre vernepliktige og 140 tilsette.
– Det er eit stort ansvar. Men så er eg også kledd i uniform, og det krev at eg held ved like militære ferdigheiter. Eg er veldig opptatt av å halde meg i god form. Dersom du spør meg om å vere med å springe eit maraton i mor- gon, skal eg kunne seie ja til det. Det
er mitt kontinuerlige treningsmål all- tid å kunne seie ja. Sjølv om du jobbar i bataljon-stab, må du kunne ta på deg sekken og traske og stille opp dersom det er behov for det.
På jobben legg dei opp til at alle til- sette skal få ein halv time til å trene kvar einaste arbeidsdag. Hadde det ikkje vore for det, trur ho det kunne blitt krevjande å få plass til å trene. I fjor blei Bergh mamma for første gong, og kvardagskabalen blei med eitt sjåande annleis ut.
– Du set ikkje pris på all den tida du har, før du får barn, ler ho.
Trening i arbeidstida meiner ho også er ein måte å ta vare på de den psykiske helse til dei tilsette på.
– Og du blir meir produktiv etter lunsj dersom du har ei økt i beina. Og så er det ein fin måte å drive litt teambuilding på, seier ho og legg raskt til:
– Eg har ikkje noko tvingande forhold til trening, slett ikkje. Ein halv time held, helst kvar dag.
Ho hadde akkurat byrja å jobbe i gar- den som HR-befal da 30 gardistar vedgjekk å ha brukt narkotika under førstegongste- nesta. Bergh var ein av dei som var ansvar- leg for å handsame saka som enda med at dei 30 blei dimitterte.
– Det var krevjande. I handsaminga av ei sånn sak er du redd for å gjere feil. Konsekvensane har stor påverknad på avdelinga, men også for de 30 det gjaldt. Ho var opptatt av at gardistane skulle bli rettferdig handsama i prosessen.
– Eg stod veldig trygt i dei avgjerdene
som blei tatt, og veit at vi gjorde det som var riktig, seier ho.
Bergh har vakse opp i Lommedalen i Bærum kommune. Ho fortel om ein veldig bra oppvekst, som involverte masse fri- luftsliv, med eit nært forhold til mormor som budde rett i nærleiken.
– Eg har prøvd dei aller fleste idrettar og spela handball til eg var 20. Eg har hatt foreldre som har stilt opp på alt. Dei har vore handballdommarar utan eigentleg å ha nokon føresetnad for det, og dei har køyrt oss overalt. Eg føler verkeleg at eg har hatt foreldre som har stilt opp.
Lillebroren hennar er elleve år yngre og skal snart inn på sesjon.
– Og etter sterk anbefaling skal han vonleg til Hæren og Indre Troms, smiler ho.
Ho trur at dagens generasjon ungdom har godt av å gjere teneste i Forsvaret.
– Eg trur at det ligg ein verdi i å bidra til noko som er større enn din eigen sfære. Forsvaret er ikkje eit alternativ til folke- høgskole. Å tenestegjere har ein operativ effekt, og du som vernepliktig soldat har ei tyding for Noregs operative evne.
For to år sidan mista ho mor si til kreft. Ho hadde vore sjuk lenge da det brått eska- lerte. Bergh var lagførar under eit beretløp i Skjold da ho fekk beskjed frå øvingslei- inga om at ho måtte heim.
– Det gjekk ei veke, og så døydde ho. Det var eg ubudd på sjølv om eg sjølvsagt hadde tenkt dei verste tankane.
To veker etter jordfestinga måtte ho ta opptaksprøven på befalsskolen, som
  MILEPÆLER
 10ÅR:Som tiåring gjekk jeg på alpint og handball i Lommeda- len, fullstendig skjerma frå livets sut. Eg veksla mellom
å ville bli handballproff, alpinstjerne og vêrdame (haha). Eg har vore skikkeleg pappajente i heile oppveksten, og pappa har alltid støtta meg og gitt meg trua på at eg kan få til kva eg vil. Eit utprega kon- kurranseinstinkt har han også trigga hos meg, og mi store utfordring i denne livsfasen var (er) å takle tap på handballbanen og i konkur- ransar elles. Ein skikkeleg dårleg tapar!
20ÅR:Det året eg fylte 20, var eg i førstegongstenesta som medic på Setermoen leir. Det var eit helt uforgløymeleg
år som gav meg venner for livet, meistring og danning. Dette året er eg veldig takknemleg for, og menneska eg møtte her, bidrog til å utvikle den eg er i dag. Eg hadde opplevd lite motstand i livet som 20-åring og hadde nok ei meir naiv tilnærming til livet. Samtidig var eg veldig opptatt av kva andre tenkte om meg, eit press mange unge føler på, vil eg tru.
68































































   66   67   68   69   70