Page 70 - Forsvarets Forum nr. 1 / 2023
P. 70

PORTRETTET
AMANDA BERGH
ho trong dersom ho skulle kunne søke på jobbane ho ville ha. Det var krevjande.
– Det følte eg var ... Mamma hadde ein sånn «Pippi-mentalitet». «Det har eg aldri gjort før, så det klarar eg heilt sikkert», og det tok eg med meg i opptaket og tida etterpå.
Etter at mora døydde, har Bergh tatt på seg oppgåva med å vere den som organi- serer i familien.
– Julaftan har vore heime hos oss sidan. Det er ikkje så mange 26-åringar som arran- gerer julaftan, seier ho.
– Eg har definitivt følt på eit stort ansvar og ei stor meistring, for ein sånn type motgang er ein del av det å meistre livet. Eg opplever at måten eg har handsama det på i ettertid, har vore å vise mamma at alt ho har lært meg om å meistre livet, har vore riktig.
Ho blir blank i auga.
– Nå blir eg veldig rørt ... – Du saknar henne?
– Mhm ...
– Eg trur at ho skjerma
«Eg trur at det ligg ein verdi i
å bidra til noko som er større enn din eigen sfære. Forsvaret er ikkje eit alternativ til folkehøgskole.»
nokon seier at de på julaftan laga raudkålen min, smiler ho.
– Da var det verdt å bruke ti minutt på å leggje ut den reelen. Men den ekte helten er ryddeoffiseren. Mannen min ryd jo opp etter maten.
– De er einige om den ord- ninga?
– Om han er einig i det, det veit eg ikkje. Men han gjer det i alle fall, ler ho.
Det var humoren som gjorde at ho og ektemannen fall for kvarandre.
– Vi har det veldig gøy saman. Å vere flue på veg- gen i vårt forhold, det trur eg hadde vore veldig underhal- dande.
Han jobbar ikkje lenger i Forsvaret, men har framleis med seg erfaringane frå åra han var der. Det meiner Bergh er ein stor fordel.
– Han har gjort alle tinga eg gjer, berre føre meg. Han har tatt både Befalsskolen og Krigsskolen og er ein god sparringspartnar for meg. Eg synest det har ein stor verdi at eg kan komme heim, snakke stammespråk og så forstår han kva for frustrasjon
  70
meg og broren min veldig
mykje. Eg trur ikkje at ho ville
at vi skulle vite kor dårleg ho var. Hun var 51 år, veldig ung.
I byrjinga da det skjedde viktige ting, kunne Bergh ta seg i å tenkje: «Nå må eg ringe mamma.» Det skjer ikkje så ofte lenger.
– Men når det skjer store ting, når det har skjedd eit eller anna eg er stolt av, da er det ei eg manglar å ringe til.
Etter at mora døydde, har ho både landa jobbar ho ville ha, fått barn og gifta seg. Da har det vore ekstra tydeleg at mamma har mangla.
– Det er ingen som kan ta den plassen, seier ho.
Framleis har Bergh eit nært forhold til mormora si.
– Ho er på mange måtar et forbilde for alt ho har fått til. Mormor var annonsesjef i Aftenposten som sin siste faste jobb og tok sluttpakke for å drive sin eigen strik- kebusiness. Det er ikkje nødvendigvis
noko du blir rik av, men det var noko ho hadde lyst til, smiler Bergh.
Ho fortel om ei kvinne som blei forla- ten av mannen sin da barna var små, og som har klart seg sjølv gjennom ei tid da det ikkje var normen for ei kvinne.
– Ho har mange livserfaringar som ikkje eg har. Ho er ei kul dame, seier Bergh. Å samle familien rundt eit måltid, det liker ho godt. Da ho budde i Skjold, bestemte ho seg for å bli skikkeleg god til å lage mat. I mangel på anna å finne på blei det til at paret inviterte til mange
middagar.
Nå har matinteressen resultert i Insta-
gram-kontoen Bakebefal. Ho ler litt då ho fortel om det. Bergh hadde to kollegaer i Garden som starta liknande kontoar, men med fokus på høvesvis interiør og strikk. Da bestemte ho seg for å starte ein matkonto.
– Eg synest det er skikkeleg gøy dersom
eg har, eller kva for råd eg treng.
Dei gifta seg i august i fjor og bur nå på
Fornebu saman med sonen sin.
– Vi trefte kvarandre på humor og har
det veldig morosamt saman. Vi har dei same interessene, liker å halde oss i form, og han et maten eg lagar, ler ho.
– Men det er det at vi ler så mykje saman, som gjer at vi passar så bra i lag.
Da mora blei sjuk og døydde, fortel Bergh at ho fekk eit anna forhold til livet. Hun følte seg ikkje lenger like udødeleg som ho gjorde da ho var 18.
– Eg føler at eg har fått ei «kva har eg å tape»-innstilling. Eg går inn i situasjonar med haldninga at det går bra, det løyser seg, det fiksar vi. Eg seier ja til alt, for eg veit aldri om eg får sjansen igjen, seier Amanda Bergh.
– Og så kjenner eg på verdien av å leve meir i augneblinken.




















































   68   69   70   71   72