Page 90 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2021
P. 90
KRIGSBILETER
DEN NYE AUSTFRONTEN
I 2014 tok væpna, pro-russiske styrka kontroll over Krim, ei halvøy sør i Ukraina. Krims befolkning stemte for lausriving, og Russland annekterte halvøya. Kort tid etter tok pro-russiske separatistar kontroll over fleire område aust i Ukraina. Sidan har det vore kamper mellom separatistar og ukrainske regjeringsstyrke – i to område i Aust-Ukraina: Luhansk og Donetsk. Begge stadane har separatistar halde folkeavstemmingar og krev sjølvstende. Ukraina meiner Russland støttar separatistane, men Russland nektar. Sju år seinare er konflikten like låst. Meir enn 13.200 menneske er drepne. Om lag 3380 av dei er sivile. Rundt ein million er drevne på flukt. Biletet oppe til venstre syner ein pro-russisk separatist. Dei to andre bileta syner ukrainske soldatar i skyttargrava mot Luhansk.
90
FOTO: EVGENIY MALOLETKA, AP FOTO: MSTYSLAV CHEMOV, AP