Page 74 - Forsvarets Forum nr. 2 / 2023
P. 74

NABOBLIKK
 D et blir ein smertefull død for Aksel Hennie som nazioffiser i Finland. I den kinoaktuelle actionfilmen «Sisu» flyt blodet. Helten er ein tidlegare finsk sol- dat med kolossalt mykje krefter i seg. Ein gjeng nazistar forsøker å stele gullet finnen hadde grave fram i Lapp- land, men det skapar ein livsfarleg nor-
disk terminator med kniv.
Arnold Schwarzenegger og Sylvester
Stallone har aldri spela roller som kunne skremt den overraskande finske antina- zi-ramboen frå andre verdskrigen.
Eit anna og større lerret å bleike enn «Sisu» på filmlerretet er dominoef- fekten frå hendingar lenge før den rus- siske invasjonen i Ukraina – krigsutbrotet som fekk Finland til å dra Sverige med på å søke medlemskap i Nato.
STOR FORSVARSVILJE
Plutseleg vart beredskapslageret kjekt å ha. Finnane forstår truleg betre enn både nordmenn og svenskar, for ikkje å snakke om sørvesteuropearar, at det går føre seg ein storkrig i Europa. Mistrua til Russland aukar med geografisk nærleik og røynsler frå historia.
Mange er blitt overraska over den sterke kampviljen og motstandskrafta til ukrainarane. Finnane har mykje av det same i seg. Etter krigsutbrotet i fjor svara 83 prosent av finnane at dei var klare til å forsvare landet med våpen dersom dei vart angripen. Blant menn var talet
annekteringa av Krym i 2014. Men først kan vi trekkje nokre få, kjappe historiske linjer fleire tiår tilbake.
I 1968 rykka austblokktroppar inn i Tsjekkoslovakia, eit land som i Kreml sine auge var blitt irriterande vestleg av seg. Året etter heldt John Lennon og Yoko Ono demonstrativt senga i åtte dagar –for fred. Då muren fall i 1989, var glasnost og perestrojka allereie i gang under Sov- jetunionens siste statsleiar, Mikhail Gor- batsjov.
Sidan vart det mykje peace and love sjølv i fleire forsvarsdepartement, godt hjelpte av onkel Skrue-mentalitet i finans- departementa.
Finland heldt likevel litt igjen og det ikkje berre av frykt for Russland. Mange finnar meiner landet har eit fattigmanns- forsvar, og at det knapt var noko å kutte før det vart uansvarleg.
SLIK ER FINLAND FØREBUDD
Etter hundreårsskiftet følgde dei militære bestevennene ulike strategiske prosessar. I 2007 gjekk den svenske forsvarsmi- nisteren av i protest fordi han ikkje kunne forsvare kutta i forsvarsbudsjettet. Året etter avvikla svenskane verneplikta.
I Finland heldt derimot allmenn verneplikt fram for alle menn, sjølv om perioden rekruttane var inne til første- gongsteneste, vart redusert frå ni til seks månader. I dag går 60–70 prosent av finske 19-åringar inn i forsvaret, og i nokre av tenestene med krav om ekstra opplæring
 «Rekkjevidda er for kort til at Nato krev tilgang til det veksande lageret av kaloribomber i Finland»
varar tenesta i rundt ti månader.
Det svenske for- svarsbudsjettet er dobbelt så stort som det finske. Sverige har fleire generalar, men alle dei få generalane i Finland har erfaring med å leie i det min- ste ein brigade. Vonde
Den totale beredskapsstyrken i landet omfattar heile 870.000 personar, men dei fleste av desse har ikkje hatt militær trening på mange år. Det er ei utbreidd meining i Finland at dei fleste i reser- vestyrken, i likskap med store delar av befolkninga elles, representerer ei omfatt- ande utfordring for folkehelsa.
Utslag på BMI-kalkulatorar og koleste- rolverdiar er tunge indisium på at person- leg vekst kan kome på feil stad og svekkje forsvarsevna i landet. Rekkjevidda er for kort til at Nato krev tilgang til det vek- sande lageret av kaloribomber i Finland.
· Eit stort artilleri. Finnane er nest størst i det vestlege Europa på kanonar.
74 FORSVARETS FORUM
88, blant kvinner 76 prosent. Det viser at fleire enn tre av fire finske kvinner er klare til å ta til våpen våpen for å forsvare seg mot framande makter som går til åtak på landet.
Forsvarsviljen i Finland er blant dei høgaste i Europa. Landet har eit i Norden ekstraordinært kampmoralsk «ukrainsk gen».
NØLTE MED Å BRUKE SPAREKNIVEN
Finland måtte ikkje skjerpe seg like mykje som til dømes Sverige etter den russiske
tunger seier at deira svenske generalkolle- gaer må nøye seg med relevante øvingar på PC-en.
Finland har ingen store fartøy å skryte av, kystvakta er lita, og landet har ingen ubåtar.
Men dei tar igjen på andre område:
Eit stort infanteri. 280.000 finnar er førebudde på krig og veit kvar dei skal møte opp, og kva for gruppe og bataljon dei høyrer til. Dette er i hovudsaka menn i 20–30-åra som regelmessig er på repeti- sjonsøvingar.




































































   72   73   74   75   76